Hjem

Utdanning

Masteremne

Kategoriteori

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeINF223
  • Talet på semester1
  • SpråkEngelsk. Emnet undervisast på norsk dersom berre norskspråklege studentar meldar seg til emnet.
  • Ressursar

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor/master/ph.d.

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Mål:

Kategoriteori er eit matematisk språk og verktøy som dannar grunnlag for å formalisere ei rekkje daglege omgrep. Den er høgst relevant for datahandsaming ¿ den gjev avanserte metodar for skildring og resonnering kring komplekse situasjonar som involverer strukturerte objekt. Kategoriteori fokuserer særskild på tilhøvet mellom dei aktuelle studieobjekta og prinsipp for å konstruere desse.

Innhald:

Kurset gir ei innføring i kategori-teoretiske omgrep og metodar. Det vert lagt vekt på bruk av kategoriteori i programmering og modellering.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • er kjent med grunnleggjande kategorielle omgrep, resultat og konstruksjonar som inkluderer kategori, funktor, naturlig transformasjon, funktorkategori, skivekategori, pullback og pushout,
  • er kjend med kategoriell tenking og kan bevise grunnleggjande teorem.

Ferdigheiter

Studenten

  • kan forklare kategorielle omgrepa, resultata og konstruksjonane ved hjelp av informatikkdømer
  • ha grunnleggjande ferdigheiter i å bruke kategori teori for å strukturere og formalisere typiske situasjonar i informatikk som involverer meir komplekse strukturar
  • er i stand til å tileigne seg vidaregåande tema frå litteraturen

Generell kompetanse

  • Studenten kan planleggje og gjennomføre varierte arbeidsoppgåver og prosjekt som strekker seg over tid, aleine og som deltakar i ei gruppe,
  • kan formidle sentralt fagstoff som teoriar, problemstillinger og løysingar både skriftleg, munnleg og gjennom andre relevante uttrykksformer, og
  • kan utveksle synspunkt og erfaringar med andre med bakgrunn innafor fagområdet og gjennom dette bidra til utvikling av god praksis.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

INF122

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet http://www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet

Arbeids- og undervisningsformer

Inntil 6 timar per veke i 13 veker med organiserte førelesningar og laboratoriegrupper.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatoriske øvingar som må vere bestått.

Godkjend obligatorisk aktivitet er gyldig i to påfølgjande semester etter godkjenninga.

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsform:

Munnleg eksamen. Dersom det fleire enn 10 påmeldte, kan det bli skriftleg eksamen, 3 timar. Eksamen kan foregå digitalt (på datamaskin). Det er høve til å gje karakter på obligatoriske oppgåver som kan inngå i sluttkarakteren.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester. I semesteret utan undervisning er eksamen tidleg i semesteret.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt mailto:studieveileder@ii.uib.no studierettleiar

Administrativt ansvarleg

Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet v/ institutt for informatikk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:

studierettleiar

Tlf 55 58 42 00

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Munnleg eksamen

    Varigheit
    3 timer
    Trekkfrist
    01.11.2018