Innføring i programomsetjing
- Studiepoeng10
- UndervisingssemesterHaust
- EmnekodeINF225
- Talet på semester1
- Språk
Engelsk
- Ressursar
Hovedinnhold
Studiepoeng, omfang
10
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor/master/ph.d.
Fulltid/deltid
Fulltid
Undervisningssemester
Uregelmessig. Emnet går ikkje hausten 2019.
Mål og innhald
Emnet gir innføring i konstruksjon av ein programomsetjar (kompilator/ kildekodeomskrivar) med vekt på teknikkar for analyse og omsetjing av program. Emnet gir oversyn over verktøy som kan brukast til dette formålet. Sentralt står semesteroppgåva som gir praktisk øving i bruk av slike verktøy der det krevst analyse av strukturerte inndata, t.d. tolking av kommandoar i eit operativsystem, spørjing i ein database, mønster-attkjenning i tekst, og utvikling av omsetjar for programmeringsspråk for bestemte formål.
Læringsutbyte
Ved fullført emne INF225 skal studenten kunne
- definere og bruke sentrale omgrep som språk, grammatikk, syntakstre, avhengnader, symboltabellar og typiske interne representasjonar
- greie ut om vanlige analyseteknikkar for programkode og prinsippa for organisering av ein programoversettar
- bruke moderne verktøy for kodeanalyse og manipulering
- programmere verktøy for analyse og manipulering av programkode basert på ei enkel språkskildring
Krav til forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
I125: 10 SP
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet https://www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet
Arbeids- og undervisningsformer
Forelesingar og gruppearbeid: inntil 6 timar per veke.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Godkjente obligatoriske oppgåver.
Obligatoriske aktiviteter er gyldige i to semester: Det semesteret dei er godkjente og det påfølgjande semesteret.
Vurderingsformer
Munnleg eksamen. Det er høve til å gje karakter på obligatoriske oppgåver som kan inngå i sluttkarakteren.
Ingen lovlege hjelpemiddel.
Hjelpemiddel til eksamen
None
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester emnet blir undervist og påfølgande semester.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt
Administrativt ansvarleg
Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet v/ Institutt for informatikk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.
Kontakt
Eksamensinformasjon
Vurderingsordning: Munnleg eksamen
- Trekkfrist
- 01.05.2023