Parallell programmering

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål:

Emnet gir eit oversyn over arkitektur og inter-prosessor nettverk for parallelle datamaskinar. Grunnprinsipp for utvikling av effektive parallelle algoritmar blir gjennomgått, med døme frå enkle numeriske problem, sortering og grafproblem. Tilpassing av algoritmar til spesielle maskinarkitekturar blir diskutert.

 

Innhald:

Aktuell teori vert gjennomgått på forelesingar saman med døme på korleis ein utviklar parallelle dataprogram. Studentane får deretter sjølve løyse programmeringsoppgåver på parallelle datamaskinar. Ein stor del av undervisinga er praktisk retta.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

 

Kunnskapar

Studenten

  • forstår den grunnleggjande oppbygginga og bruk av parallelle datamaskinar.
  • er fortrulig med innhaldet i og kan bruke dei vanlegaste omgrepa for korleis ein måler ytinga til parallelle algoritmar og tilhøyrande algoritmar.
  • kjenner til framgangsmåtar for å utvikle dataprogram for ulike typar parallelle datamaskinar.

Ferdigheiter

Studenten kan

  • optimalisere sekvensiell kode for raskast mogleg utføring.
  • analysere sekvensielle program og avgjere om dei er formålstenlege å parallellisere.
  • utvikle, analysere og implementere algoritmar for parallelle datamaskinar. Dette gjeld både maskinar med felles minne og med distribuert minne.

 

Generell kompetanse

Studenten kan

  • utføre utviklingsarbeid og analyser relatert til bruk av parallelle datamaskinar.

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor/Master

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga er delt opp i teoretisk undervisning og praktisk undervisning. I begge deler blir det gått gjennom nytt stoff, så studenten forventast å følgje begge former for undervisning.

Teoretisk undervisning går føre seg i ein forelesingssal: 4 timar i veka.

Praktisk undervisning går føre seg 2 timar i veka der studentane nyttar sin eigen datamaskin.

Obligatorisk undervisningsaktivitet
Godkjente obligatoriske oppgåver. Obligatoriske aktivitetar er gyldige i to semester; det semesteret aktiviteten godkjennast samt det påfølgjande semesteret. Det vil bli gjeve tilgang til parallelle datamaskinar, men studentane må også rekne med å måtte bruke eigen datamaskin i undervisninga.
Vurderingsformer
3 timar skriftleg (digital) eksamen. Dei obligatoriske arbeidskrava tel 50% mot sluttkarakteren. Både dei obligatoriske arbeidskrava og eksamen må vere bestått for å få godkjent eksamen i emnet. Informasjon om aktivitet som teller på karakteren og vekting av desse vil bli gjeve i byrjinga av semesteret.
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester. I semesteret utan undervisning er eksamen tidleg i semesteret.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt mailto:studieveileder@ii.uib.nostudierettleiar
Administrativt ansvarleg
Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet v/ institutt for informatikk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.