Hjem

Utdanning

Masteremne

Algoritme-engineering

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeINF237
  • Talet på semester1
  • SpråkEngelsk. Emnet kan undervisast på norsk dersom berre norskspråklege studentar meldar seg til emnet.
  • Ressursar

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor/Master

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet fokuserar på evna til å omsette teoretiske kunnskapar om algoritmar, datastrukturar og kompleksitet til raskt å kunne gjennomføre heile prosessen frå å analysere eit problem, vurdere føreslåtte løysingar si køyretid og å implementere ei effektiv løysing.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

  • Studenten kjenner til algoritme-design-teknikkar, som grådige algoritmer, dynamisk programmering, og brute-force søk.

Evner

Studenten kan

  • Analysere køyretida til ein gitt algoritme i O-notasjon, og bruke dette til å estimere køyretida til eit dataprogram på ei gitt datamaskin på eit gitt datasett.
  • Velje riktig algoritme og datastruktur for eit gitt problem, og tilpasse algoritmar og datastrukturar til nye problem.
  • Implementere algoritmar som er basert på algoritme design-teknikkane som blir dekket.
  • Gjenkjenne når ein med fordel kan nytte seg av implementasjonar av algoritmar og datastrukturar frå standardbibliotek, samt nytte seg av desse.
  • Implementere effektive datastrukturar.

Generell kompetanse

  • Studenten kan omsetje eit algoritmisk problem til eit korrekt og effektivt dataprogram for dette problemet.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Emnet byggjer på INF102. INF234 er ein fordel.

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet http://www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesing 2 timar i veka gjennom heile semesteret. Gruppetime 2 timar i veka.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Godkjente obligatoriske oppgåver.

Obligatoriske aktiviteter er gyldige i to semester, det semesteret aktiviteten godkjennes samt det påfølgjande semesteret.

Vurderingsformer

Godkjente obligatoriske oppgåver. Godkjent deltaking i programmeringskonkurransar.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Bestått/Ikkje bestått

Vurderingssemester

Vår. Ved avtale med kursansvarleg kan studentar som er oppmeldt til vårsemesteret melde seg opp til og fullføre kurset i haustsemesteret. Obligatoriske aktivitetar gjort i vårsemesteret er gyldige i to semester; i semesteret aktiviteten godkjennast samt det påfølgjande semesteret. Obligatoriske aktivitetar i haustsemesteret er gyldige kun i semesteret aktiviteten godkjennast.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt mailto:studieveileder@ii.uib.no studierettleiar

Administrativt ansvarleg

Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet v/ institutt for informatikk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:

studierettleiar

Tlf 55 58 42 00