Algoritmeutvikling
- Studiepoeng10
- UndervisingssemesterVår
- EmnekodeINF237
- Talet på semester1
- SpråkEngelsk. Norsk om kun norskspråklege studentar deltek
- Ressursar
Hovedinnhold
Studiepoeng, omfang
10
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor/Master
Undervisningssemester
Vår
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Emnet fokuserar på evna til å omsette teoretiske kunnskapar om algoritmar, datastrukturar og kompleksitet til raskt å kunne gjennomføre heile prosessen frå å analysere eit problem, vurdere føreslåtte løysingar si køyretid og å implementere ei effektiv løysing.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
- Studenten kjenner til algoritme-design-teknikkar, som grådige algoritmer, dynamisk programmering, og brute-force søk.
Evner
Studenten kan
- Analysere køyretida til ein gitt algoritme i O-notasjon, og bruke dette til å estimere køyretida til eit dataprogram på ei gitt datamaskin på eit gitt datasett.
- Velje riktig algoritme og datastruktur for eit gitt problem, og tilpasse algoritmar og datastrukturar til nye problem.
- Implementere algoritmar som er basert på algoritme design-teknikkane som blir dekket.
- Gjenkjenne når ein med fordel kan nytte seg av implementasjonar av algoritmar og datastrukturar frå standardbibliotek, samt nytte seg av desse.
- Implementere effektive datastrukturar.
Generell kompetanse
- Studenten kan omsetje eit algoritmisk problem til eit korrekt og effektivt dataprogram for dette problemet.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet http://www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet
Arbeids- og undervisningsformer
Førelesing 2 timar i veka gjennom heile semesteret. Gruppetime 2 timar i veka.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Godkjente obligatoriske oppgåver.
Obligatoriske aktiviteter er gyldige i to semester, det semesteret aktiviteten godkjennes samt det påfølgjande semesteret.
Vurderingsformer
Vurderinga i INF237 er beståtte oppgåver. Oppgåvene vert gitt i løpet av semesteret. I tillegg, er det krav om deltaking i programmeringskonkurransar bestemt av emneansvarleg.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Karakterskala
Bestått/Ikkje bestått
Vurderingssemester
Vår. Etter avtale med emneansvarleg kan studentar som av ulike årsakar ikkje fullfører emnet i undervisningssemesteret fullføre emnet påfølgjande haustsemester. Nye oppgåver gitt haustsemesteret har ikkje gyldigheit utover haustsemesteret dei vert gitt i.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt mailto:studieveileder@ii.uib.no">studierettleiar
Administrativt ansvarleg
Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet v/ institutt for informatikk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.
Kontaktinformasjon
Eksamensinformasjon
Vurderingsordning: Godkjend oppgåve
- Dato
- 05.06.2023
- Trekkfrist
- 22.05.2023