Algebraisk kodeteori

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål:

Feilkorrigerande koder gjer det mogleg å skapa nye applikasjoner på høgare protokollag, til dømes effektiv og trygg distribuert lagring i skyen, protokollar for kommunikasjon med låg forseinking, privat innhenting av informasjon og distribuerte berekningar, inkludert sikre versjonar av desse funksjonane. Målet med emnet er å byggje det algebraiske grunnlaget for utforming av kodar for desse applikasjonene, og å visa korleis applikasjonane kan implementerast.

 

Innhald:

Emnet tek opp vanlege algebraiske kodekonstruksjonar baserte som sykliske kodar, BCH-kodar og Reed-Solomon kodar. Vidare studerar ein kodar som brukast i protokollar på høgare lag i Internett og i lagringssystem, til dømes distribuerte system for lagring, enkeltsti- og fleirstikommunikasjon på transportlag, privat informasjonsinnhenting, effektiv og sikker distribuert berekning, nettverkkoding og indekskoding

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

 

Kunnskapar

 

Studenten skal ha kunnskap om

  • Informasjonsteoretiske grensar for oppnåeleg effektivitet for lagringssystem og kommunikasjonssystem
  • Effektive koder for, og teknikker for koding av, for slike system

 

Ferdigheter.

Studenten er i stand til å

  • Implementere protokoller for distribuert lagring i programvare
  • Implementere protokoller for effektiv og sikker distribuert berekning i programvare
  • Implementere transportlagprotokoller for kommunikasjon med redusert latens i programvare
  • Implementere protokoller for privat innhenting av informasjon i programvare
  • Optimalisere parametrar for kommunikasjons- og lagringssystem i henhald til eit mangfoldig sett av kriterar

 

Generell kompetanse.

Studenten

  • er kjent med nye idear og innovasjonsprosesser,
  • kan utveksle meiningar med andre med relevant bakgrunn og delta i diskusjonar om utvikling av god praksis.

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar

INF240, MNF130, INF100, MAT121, STAT110 er sterkt tilrådd.

I tillegg er INF142, INF140, INF101, INF242 tilrådd.

Studiepoengsreduksjon
I243: 5 SP
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet
Arbeids- og undervisningsformer

Førelesningar / 4 timar pr. veke

Førelesningar / 13 veker

Øvelser: 2 timer i uken

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Godkjende obligatoriske oppgåver.

Obligatoriske aktiviteter er gyldige i to semester, det semesteret aktiviteten godkjennes samt det påfølgjande semesteret.

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

Skriftleg eksamen eller Digital skriftleg eksamen (3 timar). Det er høve til å gi karakter på obligatoriske oppgåver som kan inngå i sluttkarakteren

Karakterskala
Ved sensur vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester. I semesteret utan undervisning er eksamen tidleg i semesteret.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem
Hjelpemiddel til eksamen
Enkel kalkulator tillatt, i samsvar med modeller angitt i fakultetets regler
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt studierettleiar
Administrativt ansvarleg
Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet v/ Institutt for informatikk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.