Hjem
Utdanning
Masteremne

Introduksjon til kryptoanalyse av symmetriske chiffer

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor / Master/PhD

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Mål:

Emnet gjev ein introduksjon til kryptoanalyse. Målet for kryptoanalyse er, med utgangspunkt i ei kryptert melding, å finne den hemmelege krypteringsnøkkelen som er brukt, eller i kvart fall å finne ut kva hemmeleg klartekstmelding som er sendt. Grunnleggjande kryptoanalytiske åtak mot symmetriske system blir gjennomgått.

Innhald:

Emnet inneheld tre delar. Den første delen handlar om åtak på historiske kryptosystem, som ulike substitusjons- og transposisjonssiffer, Hagelin-kryptering, og Geheimschreiber. Den andre delen handlar om strømsiffer og og tek opp åtak baserte på Berlekamp-Massey-algoritmen, korrelasjonsåtak og algebraiske åtak, 2-adisk kryptanalyse, samt avveiing mellom tids- og minnebruk. Den siste delen dreier seg om åtak på blokkchiffer, og forklarar møt-i-midten-åtak og lineær og differensial kryptanalyse.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha oppnådd følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar
Studenten kjenner
- grunnleggjande algebra og sannsynsteori sine applikasjonar i kryptoanalyse
- grunnleggjande vellukka kryptoanalytiske angrep jobbe

Ferdigheiter
Studenten er i stand til å
- forklare det matematiske grunnlaget for tryggleiken til chiffer
- fordøye og forklare korleis kryptografisk primitive fungerer
- gjennomføre grunnleggjande vellykka kryptoanalytiske angrep

Generell kompetanse
Studenten
- er kjent med nye idear i kryptoanalyse og innovasjonsprosessar
- kan utveksle meiningar med andre med bakgrunn i kryptologi og delta i diskusjonar om utvikling av god praksis

Tilrådde forkunnskapar

INF100 eller tilsvarande, INF240, MAT121, STAT110 er sterkt tilrådd. I tillegg er INF140, INF142, INF143, INF242 tilrådd.

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet http://www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesningar / 4 timar pr. veke

Førelesningar / 13 veker

Øvelser: 2 timer i uken

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Godkjende obligatoriske oppgåver.

Obligatoriske aktiviteter er gyldige i to semester, det semesteret aktiviteten godkjennes samt det påfølgjande semesteret.

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

  • Skriftleg eksamen eller Digital skriftleg eksamen (3 timar). Det er høve til å gi karakter på obligatoriske oppgåver som kan inngå i sluttkarakteren.

Hjelpemiddel til eksamen

Enkel kalkulator tillatt, i samsvar med modeller angitt i fakultetets regler

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester. I semesteret utan undervisning er eksamen tidleg i semesteret.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt studierettleiar

Administrativt ansvarleg

Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet v/ Institutt for informatikk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:
studierettleiar
Tlf 55 58 42 00

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skoleeksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen. Eksamenslokale publiseres 14 dager før eksamen. Kandidatene finner sin egen romplassering på Studentweb 3 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skriftleg skuleeksamen

    Dato
    24.09.2019, 09:00
    Varigheit
    3 timer
    Trekkfrist
    10.09.2019
    Sensur kunngjøres
    11.10.2019
    Sted