Visuell Data Science

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål
Emnet studerer den menneskelege sida av data science. Meir spesifikt vert det diskutert korleis etablerte prinsipp frå visualisering, visuell analyse, perseptiell psykologi og kognitiv vitskap kan nyttast i data science for å lage effektive verktøy for datautforsking. Emnet gjev også ein introduksjon til menneske-maskin-interaksjon, grensesnittdesign og effektiv datakommunikasjon skreddarsydd for forskjellige målgrupper.

 

Innhald

Emnet er utvikla for å lære studentane alle stega i menneskesentrert dataanalyse. Frå innsamling, preparering og handtering av data, fylgt av visualisering, samhandling og utforsking av data og til slutt effektiv kommunikasjon av innsikt frå data. Vidare fokuserer emnet på visualiseringsteori for ikkje-romleg informasjonsdata, interaksjonsmodellar, prinsipp for menneske-maskin interaksjon og estetikk for visuell design.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar
Studenten

  • har evne til å forstå og å evaluere visuelle framstillingar av data
  • har ei djup forståing av visualiserings- og interaksjonsteknikker brukt i data science
  • har fått djup kunnskap til datamodellar, grafisk persepsjon og effektive metodar for visuell koding og datainteraksjon
  • har fått kjennskap til effektiv menneske-maskin interaksjon og brukargrensesnittdesign

Ferdigheiter
Studenten

  • er i stand til å samle, utarbeide og visualisere data og effektivt kommunisere funn i data
  • er i stand til å analysere dataanalyseoppgåver og er i stand til å identifisere effektive metodar frå visualisering, statistikk og maskinlæring som er egna for å løyse oppgåva
  • kan evaluere datakvaliteten og utføre reinsing av data
  • kan designe effektive brukargrensesnitt for utforsking av data basert på moderne prinsipp for menneske-maskin interaksjon
  • kan realisere interaktive visuelle datautforskings- og presentasjonsløysingar ved hjelp av moderne programmeringsteknikkar

Generell kompetanse
Studenten

  • oppnår evne til å kritisk vurdere kvaliteten av representasjonar av data og om det syner sanninga
  • kan effektivt kommunisere innsikt i data gjennom visuelle representasjonar
  • kan sjølvstendig planlegge, strukturere og implementere småskala programvareprosjekt

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår.
Krav til forkunnskapar
INF100 og INF101 (eller tilsvarande utdanning); MAT101/MAT111 eller eit anna tilsvarande fag. Studentene forventes å bli kjent med Python, Lineær algebra, grunnleggjande statistikk og databehandling.
Tilrådde forkunnskapar
INF250, INF161 Data Science
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet
Arbeids- og undervisningsformer
Emnet består i hovudsak av førelesningar, programmeringsleksjonar og øvingar. Vanlegvis vil det være 5 organiserte arbeidstimar i veka.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Deltaking på obligatoriske øvingar og beståtte obligatoriske oppgåver. Obligatoriske oppgåver er gyldig i to semester, deet semesteret aktiviteten vert godkjent og det påfølgjande semester.
Vurderingsformer
Fire timar skriftleg eksamen som er digital. Endeleg karakter er ein kombinasjon av karakterane frå programmeringsoppgåvene og eksamen.
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester. I semesteret utan undervisning er eksamen tidleg i semesteret.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Enkel kalkulator er tillatt i samsvar med modellar angitt i fakultetets reglar.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt studierettleiar
Administrativt ansvarleg
Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet ved Institutt for informatikk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.