Hjem
Utdanning
Masteremne

Meta-Heuristikkar

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeINF273
  • Talet på semester1
  • Språk

    Engelsk

  • Ressursar

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor/Master.

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningssemester

Vår, uregelmessig. Neste gang våren 2020.

Mål og innhald

Undervist for fyrste gong våren 2020

Mål:

Emnet tar sikte på å gi oversikt over moderne (meta)heuristiske optimeringsmetodar som er eigna til å løyse praktiske optimeringsproblem.

Innhald:

Emnet tar for seg metaheuristiske optimeringsalgoritmar. Tema som blir dekka inkluderer heuristikkar og tilnærmingsalgoritmar, lokalsøk, simulert størkning, tabu-søk, genetiske algoritmar, maurkolonioptimering, partikkelsverm, søk i variabel omegn, adaptivt søk i stor omegn, hybride algoritmar og matematisk baserte heuristikkar. Emnet inneheld eit breidt spekter av praktiske optimeringsproblem som casestudiar.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

¿Studenten har ei grunnleggjande forståing av korleis metaheuristikkar kan brukast for å finne gode løysinger for reknekrevjande optimeringsproblem.

¿Studenten kjenner dei grunnleggjande eigenskapane til ulike metaheuristikkar.

Ferdigheiter

¿Studenten er i stand til å implementere ein metaheuristikk på eit gitt problem.

¿Studenten kan forklare fordelar og ulemper ved å leggke til ulike komponentar i ein metaheuristisk optimeringsalgoritme.

Generell kompetanse

¿Studenten kan forklare for kva type problem, metaheuristikkar kan / bør brukast

¿Studenten kan forklare skilnaden mellom intensivering og diversifisering i metaheuristisk samanheng

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Byggjer på INF170

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet http://www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga blir gitt i form av førelesningar og gruppeøvingar.

Førelesing/ 4 timar pr. veke

Gruppeøving/ 2 timar pr. veke

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Godkjente obligatoriske oppgåver og eit prosjekt.

Godkjent obligatorisk aktivitet er gyldig i ett påfølgande semester etter godkjenninga.

Vurderingsformer

Følgjande vurderingsformer:

¿Det er høve til å gi karakter på obligatoriske oppgåver som kan inngå i sluttkarakteren.

¿Rapport frå prosjekt

¿Munnleg eksamen

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

 Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt mailto:studieveileder@ii.uib.no studierettleiar

Administrativt ansvarleg

Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet v/ institutt for informatikk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:

studierettleiar

Tlf 55 58 40 25