Metaheuristikkar

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål:

Emnet tar sikte på å gi oversikt over moderne (meta)heuristiske optimeringsmetodar som er eigna til å løyse praktiske optimeringsproblem.

 

Innhald:

Emnet tar for seg metaheuristiske optimeringsalgoritmar. Tema som blir dekka inkluderer heuristikkar og tilnærmingsalgoritmar, lokalsøk, simulert størkning, tabu-søk, genetiske algoritmar, maurkolonioptimering, partikkelsverm, søk i variabel omegn, adaptivt søk i stor omegn, hybride algoritmar og matematisk baserte heuristikkar. Emnet inneheld eit spekter av praktiske optimeringsproblem som casestudiar.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

  • Studenten har ei grunnleggjande forståing av korleis metaheuristikkar kan brukast for å finne gode løysinger for reknekrevjande optimeringsproblem.
  • Studenten kjenner dei grunnleggjande eigenskapane til ulike metaheuristikkar.

Ferdigheiter

  • Studenten er i stand til å implementere ein metaheuristikk på eit gitt problem.
  • Studenten kan forklare fordelar og ulemper ved å leggke til ulike komponentar i ein metaheuristisk optimeringsalgoritme.

Generell kompetanse

  • Studenten kan forklare for kva type problem, metaheuristikkar kan / bør brukast
  • Studenten kan forklare skilnaden mellom intensivering og diversifisering i metaheuristisk samanheng

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor/Master. Emnet kan heisast til ph.d.-nivå.

Undervisningssemester

Vår
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Byggjer på INF170
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga blir gitt i form av førelesningar og gruppeøvingar.

Førelesing/ 4 timar pr. veke

Gruppeøving/ 2 timar pr. veke

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Godkjente obligatoriske oppgåver og eit prosjekt.

Godkjent obligatorisk aktivitet er gyldig i ett påfølgande semester etter godkjenninga.

Vurderingsformer
Følgjande vurderingsformer:
  • Det er høve til å gi karakter på obligatoriske oppgåver som kan inngå i sluttkarakteren.
  • Rapport frå prosjekt
  • Munnleg eksamen
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
 Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt mailto:studieveileder@ii.uib.nostudierettleiar
Administrativt ansvarleg
Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet ved institutt for informatikk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.