Hjem
Studentsider
Masteremne

Utvalde emne i algoritmer og kompleksitet

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Uregelmessig

Mål og innhald

Emnet tar opp aktuelle tema i algoritmar og kompleksitet, og innhaldet vil variere frå gong til gong.

Tema våren 2023: Algorithms for graphs of bounded width

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten kjenner til dei viktigaste metodane og definisjonane i feltet som blir gjennomgått.

Ferdigheiter

Studenten kan anvende de viktigaste metodane og definisjonane i feltet som blir gjennomgått til å løyse konkrete problem.

Generell kompetanse

Studenten kan utføre sjølvstendig forskningsarbeid i feltet på master- og doktor-nivå.

Krav til forkunnskapar

INF234

Tilrådde forkunnskapar

INF235, INF334

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om at du har ein studierett knytt til eit masterprogram/ ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet eller ph.d.-utdanninga. http://www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet

Arbeids- og undervisningsformer

Det er 2-4 timar med ordinær undervisning kvar veke. Ved høve er det òg 2 timar med gruppeundervisning kvar veke.

Vurderingsformer

Munnleg eksamen.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Bestått / Ikkje bestått

Vurderingssemester

Det tilbys eksamen i undervisningssemesteret samt påfølgjande semester.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt studieveileder@ii.uib.no

Administrativt ansvarleg

Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet v/ Institutt for informatikk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Studierettleiar kan kontaktast her:

studieveileder@ii.uib.no

Tlf 55 58 42 00

Eksamensinformasjon