Masteroppgåve i informatikk

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål

Ferdige kandidatar skal ha fått solide vitskaplege funderte kunnskapar og kompetanse i informatikk. Dei skal ha fått ei god innføring i vitskaplege arbeidsmåtar og trening i sjølvstendig arbeid med omfattande og krevjande faglege oppgåver. Du vil ha utvikla spisskompetanse innan eitt fagområde samt god oversikt over andre fagområde.

 

Innhald

programstyret på masterprogrammet og rettleiarane skal sørge for at det til kvar tid finst eit tilbod av definerte oppgåveprosjekt.Oppgåveprosjekt som vert tilbydd er vanlegvis utforma i ein dialog mellom retteliar og student og deretter godkjent av programstyret med tanke på utforminga og omfanget av oppgåva (dvs oppgåva skal kunne gjennomførast innan normert tid). Oppgåveprosjekt kan og vere forhandsgodkjent av programstret.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

 

Kunnskapar

Studenten

  • opparbeider brei fagleg fordjuping innan fagområdet informatikk og spesialisert innsikt knytt til masteroppgåva

 

Ferdigheiter

Studenten

  • meistrar å planleggje og gjennomføre sjølvstendig arbeid under rettleiing og i tråd med gjeldande forskingsetiske normer og reglar
  • meistrar både munnleg og skriftleg formidling av eigne og andres forskingsresultat
  • kan vurdere eigne og andres forskingsresultat
  • kan hente inn, analysere og nytte ny kunnskap innan informatikk

 

Generell kompetanse

Studenten

  • meistrar kildevurdering, kritisk vurdering av faglitteratur og kritisk vitskapeleg tenking
  • kan reflektere over sentrale etiske og vitskapelege problemstillingar i eige og andres arbeid

 

Studiepoeng, omfang

60 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust og vår

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
For å ta emnet må ein være tatt opp på masterprogrammet i informatikk.
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om at du har ein studierett knytt til masterprogram i informatikk ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav
Vurderingsformer

Etter at masteroppgaven er innlevert og godkjent, avsluttes studiet med en muntlig mastergradseksamen. Denne eksamen består av en offentlig presentasjon på rundt 30 minutter hvor studenten selv gir en oversikt over oppgaven. Sensurkomité og veileder skal være til stede ved den offentlige presentasjonen. Deretter følger en muntlig eksaminasjon/samtale med sensurkomité og veileder om oppgaven.

 

Før presentasjonen skal det være satt en karakter på oppgaven. Presentasjonen kan sammen med den påfølgende muntlige eksaminasjonen/samtalen være justerende på den endelige karakteren på oppgaven. Det er den endelige karakteren som gjøres kjent for kandidaten og som kommer frem på karakterutskriften.

Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester
Det arrangeres eksamen kvart semester. Eksamen blir arrangert etter at masteroppgåva er levert.
Emneevaluering
 Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.