Innføring i datasikkerheit

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål:

Emnet tek sikte på å gje ei oversikt over omgrepa data- og datamaskintryggleik, med vekt på fundamentale tryggleikseigenskapar, sårbarheiter, truslar og mekanismar for å trygge datasystem.

 

Innhald:

Dei grunnleggjande:

  • tryggleikseigenskapar, verktøy og terminologi
  • brukarautentisering, metodar og prinsipp
  • Adgangskontroll, prinsipp og rolla til tilgangskontroll

 

Datatrykkleik: Spesielt skadeleg programvare: typar, spreiing, saman med teknisk, organisatorisk og åtferdsmessige mottiltak. Nettvekstryggleik: spesielt internett, nettverksbaserte angrep, og ei oversikt over mottiltak til nettverksbaserte angrep.

Læringsutbyte

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten kan

  • Beskrive grunnleggande tryggleiksprinsipp- og praksis
  • Beskrive truslar mot digitale system og deira potensielle skade

Ferdigheiter

Studenten er i stand til

  • Å identifisera moglege truslar mot eit digital system
  • Identifisera mottiltak mot desse truslane

Generell kompetanse

Studenten kan

  • Delta i ein samtale om tryggleikspraksis med andre studentar

Studiepoeng, omfang

5 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsstad

Digitalt
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Innføring i programmering, til døme Python
Studiepoengsreduksjon
INF140: 2,5 studiepoeng
Krav til studierett
For opptak på emnet er det krav om studierett ved Universitetet i Bergen gjennom UiB Videre
Arbeids- og undervisningsformer

Førelesningar / 2 timar pr. veke

Førelesningar / 8 veker

Gruppetimar / 2timar per veke

Gruppetimar / 8 vekar

Obligatorisk undervisningsaktivitet
Obligatorisk oppgåve. Godkjent obligatorisk aktivitet er gyldig i 1 påfølgande semester etter
Vurderingsformer

 

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsform:

  • 3 timars digital heimeeksamen
Karakterskala
Bestått / ikke bestått
Vurderingssemester
Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret. Ny eksamen påfølgande semester er berre for studentar med rett til ny vurdering
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Emneansvarleg
Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt Studierettleiar@ii.uib.no