Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Innføring i kunstig intelligens

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

5 studiepoeng

Undervisningssemester

Uregelmessig

Mål og innhald

Mål:

Emnet har som mål å gi studentane ei innføring i kunstig intelligens med spesielt fokus på tema i maskinlæring. Studentane skal forstå korleis utvalde maskinlærings-algoritmar verkar, og vil gje grunnleggjande evner i å nytta løysingar innanfor kunstig intelligens på moderne problem.

Innhald:

Emnet tek opp tema som:

  • etikk i kunstig intelligens
  • klassifisering og regresjon
  • klyngedanning
  • neurale nettverk

Læringsutbyte

Studentene skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse.

Kunnskapar:

studenten

  • har kjennskap til dei største tema innanfor kunstig intelligens og deira mål
  • kan skildre utfordringar ved å leggje til eller sikre moralsk åtferd om kunstig intelligente system

Ferdigheiter

Studenten

  • å bruka vanlege maskinlærings-bibliotek

Generell kompetanse

Studenten

  • skal forstå korleis klassifiseringa, regresjonen og klyngealgoritmar (presentert i undervisningsa) verkar.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Det er tilrådd med generell bakgrunn i matematikk, grunnleggjande evner i programmering, spesielt i Python.

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

For oppstart på emnet må du søke og få opptak til emnet gjennom UiB Videre (Etter- og vidareutdanning).

Arbeids- og undervisningsformer

Emnet startar i andre halvdel av januar. Det er eit heildigitalt nettbasert ene, og undervisninga vil føregå over nett. Emnet er delt i fem forskjellige delar, og går over åtte veker. Det vil vere fokus på forskjelllige tema i kvar del. I dei første fem vekene er det planlagt å ha 2 sesjonar i veka med to timar forelesning og to timar gruppetime.

I den sjette og sjuande veka skal studentane arbeide med eit prosjekt der det blir utvikla eit kunstig intelligens-system. Undervisninga blir avslutta i den åttande veka, der studentane presenterer prosjektet sitt. i gruppeøvingane vil studentane bli støtta av undervisningsassistentar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Emnet vil ha obligatoriske innleveringar. obligatoriske aktivitetar er berre gyldig i undervisningssemesteret.

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

  • gruppearbeid, utgjer 50 % av karakteren
  • digital skriftleg eksamen (2 timar) utgjer 50 % av karakteren

Begge delar må vere godkjent for å bestå emnet.

Hjelpemiddel til eksamen

Alle hjelpemiddel er tillate utanom kommunikasjon med andre under eksamen.

Karakterskala

Bestått/ ikkje bestått

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester emnet vert undervist.

Administrativt ansvarleg

Det Matematisk-naturvitskaplege fakultet ved institutt for informatikk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skriftlig eksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skriftleg eksamen

    Dato
    05.04.2022, 09:00
    Varigheit
    2 timer
    Trekkfrist
    01.03.2022
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen