Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Innføring i informasjonsvitskap

Hovedinnhold

Undervisningssemester

Haust

Mål og innhald

INFO100 skal gi ei grunnleggjande innføring i informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) og denne teknologien sin plass i samfunnet. Emnet skal også gi ei grunnleggjande innføring i informasjonsvitskaplege problemstillingar, teoriar, og teknologiar. Det skal og gi aktuelle døme på informasjonsvitskapleg forsking og forskingsmetode. I emnet inngår også arbeid med laboratorieoppgåver som gir dei første røynsler med praktisk arbeid med sentrale typar IKT-verktøy.

Emnet kan kort seiast å dekkje følgjande tre område:

  1. Grunnleggjande informasjons- og kommunikasjonsteknologi, blant anna datamaskinen og programvara si oppbygging og virkemåte, nettverk og databasar, informasjonssystem og brukargrensesnitt.
  2. Samfunnsperspektiv på IKT, til dømes spørsmål om personvern, etikk, sårbarheit- , sikring og IKT-politikk.
  3. Aktuelle døme på informasjonsvitskapleg forsking, informasjonsvitskaplege problemstillingar og informasjonsvitskapleg forskingsmetode.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • kan hovudtrekka i det teoretiske og teknologiske grunnlaget for informasjons- og kommunikasjonsteknologi.
  • har ei grunnleggjande forståing av einskilde informasjonsvitskaplege problemstillingar og forsking.
  • har ei grunnleggjande forståing av rolla til IKT i samfunnet.

Ferdighet

Studenten

  • kan bruke utvalte IKT-teknologier og -verktøy
  • kan delta i visse praktiske IKT-prosjekt, til dømes med med vevutforming ("web design").
  • kan drøfte IKT, IKT-bruk og IKT si rolle i samfunnet på ein kritisk måte.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Studiepoengsreduksjon

INFO100 gir 5 studiepoeng i reduksjon når det blir tatt saman med DIKULT100. INFO100 overlappar også med dei gamle emna INFO001 og HUIN100.

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesingar og gruppeøvingar (normalt 2 timar forelesing og 2 timar gruppeøving i 11-14 veker). Det vert forventa at studentane sjølve organiserer kollokvium.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

  • Obligatoriske innleveringar av laboppgåver (80%), som må gjerast og godkjennast i undervisningssemesteret.

Godkjende obligatoriske undervisingsaktivitetar er gyldige i to semester etter godkjenninga.

Vurderingsformer

Skuleeksamen, 3 timar

Karakterskala

Karaktersett med bokstavkarakterar (A-F).

Vurderingssemester

Eksamen vert tilbydd i undervisningssemesteret og påfølgande semester (ordinær eksamen for studentar med gyldig godkjent obligatorisk undervisningsaktivitet).

Emneevaluering

Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skriftlig eksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skoleeksamen

    Dato
    22.12.2022, 15:00
    Varigheit
    3 timer
    Trekkfrist
    08.12.2022
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen