Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Informasjon og kunnskap

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Mål og innhald

Kurset gjev eit oversyn over ulike tilnærmingar til informasjonsomgrepet, korleis informasjon og kunnskap vert modellert i ulike vitskaplege disiplinar, samt relaterte omgrep som data, kunnskap, språk, logikk og sannsyn. Målet er å gje studentane ei forståing av kva informasjon er. Dette skjer på eit breitt vitskapleg grunnlag og gjev ein kontekst for spesialisering i informasjonsvitskap.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Kandidaten

  • har overordna kunnskap om ulike måtar å modellere og analysere informasjon.
  • har ei grunnleggjande forståing av relaterte modellar og omgrep frå fleire ulike
  • fagdisiplinar.

Ferdigheit

Kandidaten

  • kan greie ut om kva ein meiner med informasjon.
  • kan gjere greie for kva rolle informasjonsomgrepet spelar i ulike fagdisiplinar.
  • kan gje att dei vanlegaste måtane for å modellere informasjon.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Krav til studierett

Ope for studentar ved UiB

Arbeids- og undervisningsformer

Forelesingar (16-20 timar), Øvingar (16-20 timar)

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatoriske innleveringar, som må gjerast og godkjennast i undervisningssemesteret. Obligatorisk deltaking: Oppmøte på obligatoriske seminargrupper (minst 80%).

Vurderingsformer

3 timar skriftleg eksamen.

Karakterskala

Bokstavkarakterar (A-F)

Vurderingssemester

Vår/Haust

Emneevaluering

Kurset blir evaluert kvart tredje år og av forelesar kvart år.

Institutt

Institutt for informasjons- og medievitskap

Kontakt

Kontaktinformasjon

studieveileder@ifi.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skoleeksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen. Eksamenslokale publiseres 14 dager før eksamen. Kandidatene finner sin egen romplassering på Studentweb 3 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skuleeksamen

    Dato
    25.09.2019, 09:00
    Varigheit
    3 timer
    Trekkfrist
    11.09.2019
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen
    Sted