Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Formelle metodar for informasjonsvitskap

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Mål og innhald

Emnet skal gje grunnleggjande kunnskapar om formelle omgrep og metodar nytta innanfor greiner av informasjonsvitskap. Det dannar grunnlag for studium blant anna i databasar, programmering og kunstig intelligens.

Fagleg innhald:

Elementær logikk og mengdelære, relasjonar og funksjonar. Grafar og tre. Kombinatorikk og sannsynsrekning. Informasjonsteori og bereknelegheit.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte:

Kunnskap

Studenten

  • har teoretisk kunnskap om grunnleggjande omgrep knytt til logikk, mengdelære, relasjonar, funksjonar, grafar og tre, kombinatorikk og sannsynsrekning, informasjonsteori og bereknelegheit.
  • kan gjere greie for til eit utval av andre relevante omgrep som byggjer på desse.
  • har kjennskap til matematiske/formelle uttrykksformer og resonnement.
  • har grunnleggjande forståing av formalisering som metode og områda der denne vert nytta.

Ferdigheit

Studenten

  • kan gjengi og forklare omgrep og resultat.
  • kan forklare, evaluere og vurdere uttrykk og resonnement der desse vert nytta.
  • mestrer formelle uttrykksformer og metodar i eit spekter av samanhengar.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Studiepoengsreduksjon

Emnet overlappar 5 studiepoeng med MNF130, 5 studiepoeng mot INFO102, 5 studiepoeng mot INFO103, 5 studiepoeng mot INFO131 og 5 studiepoeng mot IV131.

Krav til studierett

Ope

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesingar og gruppeøvingar (normalt 2 timar forelesing og 2 timar gruppeøving i ca. 14 veker).

Obligatorisk undervisningsaktivitet

  • Obligatoriske innleveringar, som må gjerast og godkjennast i undervisningssemesteret.
  • Obligatorisk deltaking: Oppmøte på gruppeøvingar (minst 75%). 

Godkjende obligatoriske undervisingsaktivitetar er gyldige i to semester etter godkjenninga.

Oppdatert: Pga. koronasituasjonen vil kravet om oppmøte til seminara ikkje være obligatorisk vårsemesteret 2021. Vi oppmodar likevel studentane til å følgje undervisninga i størst mogleg grad.

Vurderingsformer

4 timar skriftleg eksamen

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Karaktersett med bokstavkarakterar (A-F).

Vurderingssemester

Eksamen vert tilbydd i undervisningssemesteret og påfølgande semester (ordinær eksamen for studentar med gyldig godkjent obligatorisk undervisningsaktivitet).

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og  01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.

Programansvarleg

Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der. 

Emneansvarleg

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du i Mitt UiB.

Administrativt ansvarleg

Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for informasjons- og medievitskap har det administrative ansvaret for emnet.

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Heimeeksamen

    Oppgave utleveres
    21.09.2021, 09:00
    Innleveringsfrist
    21.09.2021, 12:00
    Trekkfrist
    07.09.2021
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen