Informasjonssystem
- Studiepoeng10
- UndervisingssemesterVår
- EmnekodeINFO110
- Talet på semester1
- SpråkNorsk
- Ressursar
Hovedinnhold
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Undervisningssemester
Vår
Mål og innhald
Emnet skal gi det teoretiske grunnlaget for deltaking i arbeid med informasjonssystem, enten det gjeld administrering, utgreiing- eller vurderingsarbeid eller planlegging og gjennomføring av prosjekt.
Emnet presenterer ulike typar informasjonssystem på individuelt, gruppe og organisatorisk nivå og diskuterer korleis dei på ulike måtar støttar moderne verksemder. Sentrale forhold knytt til administrering, utvikling, anskaffing, innføring, drift og vidareutvikling av informasjonssystem blir presentert og drøfta, saman med forhold knytt til tryggleik, personvern og etikk. Eit praktisk prosjekt blir gjennomført som ein obligatorisk emneoppgåve.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Kandidaten
- har grunnleggjande forståing av rolla til informasjonssystem i organisasjonar og
- samfunn.
- har kjennskap til føremål med og arkitekturar for informasjonssystem.
- har kjennskap til tryggleik, personvern og etikk i knytt til informasjonssystem.
- har kjennskap til utvikling av informasjonssystem.
Ferdigheit
Kandidaten kan
- diskutere informasjonssystem frå eit strategisk, brukar- og prosessperspektiv.
- forklare forskjellar mellom ulike måtar å utvikle informasjonssystem på.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
INFO100 eller tilsvarande
Studiepoengsreduksjon
Full poengreduksjon mot INFO211
Krav til studierett
Ope
Arbeids- og undervisningsformer
Forelesingar, karaktersett(e) oppgåve(r) og frivillige øvingar (normalt 2-4 timar forelesing og 2 timar øvingar per veke i ca. 10 veker).
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Obligatorisk deltaking: Obligatorisk oppmøte på seminargrupper (minst 75%).
Godkjende obligatoriske undervisingsaktivitetar er gyldige i to semester etter godkjenninga.
Vurderingsformer
- 3 timar skriftleg eksamen (60%).
- Mappevurdering (40%): Individuell(e) og/eller gruppeoppgåve(r)
Karakterskala
Karaktersett med bokstavkarakterar (A-F).
Vurderingssemester
Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret. Ny eksamen påfølgande semester berre for studentar med rett til ny vurdering.
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Kontakt
Eksamensinformasjon
Klokkeslett for oppstart av skriftlig eksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen.
Vurderingsordning: Mappe og skuleeksamen
- Trekkfrist
- 22.04.2022
Eksamensdel: Mappevurdering
- Innleveringsfrist
- 06.05.2022, 14:00
- Eksamenssystem
- Inspera
- Digital eksamen
Eksamensdel: Skuleeksamen
- Dato
- 25.05.2022, 09:00
- Varigheit
- 3 timer
- Eksamenssystem
- Inspera
- Digital eksamen
- Sted
- Damsgårdsveien 125, DAM 1. etg., DAM 2. etg.