Datahandtering
- Studiepoeng10
- UndervisingssemesterHaust
- EmnekodeINFO125
- Talet på semester1
- SpråkNorsk eller engelsk
- Ressursar
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Undervisningssemester
Haust
Mål og innhald
Emnet presenterer teori og praksis knytt til utforming og bruk av relasjons- og NoSQL-databasar. Dette omfattar datamodellering med EER, relasjonsmodellen. databaseutforming og normalisering, spørjespråk samt prinsipp for fil-organisering og indeksering. Emnet tar også opp skillet mellom ulike typar data. Atomiske data vs strukturerte objekt, og oversyn over dei grunnleggjande konsepta og metodane i NoSQL databasar.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Kandidaten
- har kjennskap til datamodellering.
- har kjennskap til modellar og prinsipp for lagring av ulike typar data.
- har kjennskap ulike typar spørjespråk.
- har kjennskap til prinsipp for NoSQL metodar.
Dugleikar
Kandidaten
- kan kartleggje eit bruksområde i ein datamodell.
- kan utvikle databasar for ulike typar data.
- kan handtere data i databasar ved hjelp av moderne spørjespråk.
- har praktisk erfaring med språk og verktøy for å utvikle og bruke databasar.
Tilrådde forkunnskapar
INFO102 eller tilsvarande
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Ope
Arbeids- og undervisningsformer
Forelesingar, øvingar (normalt 2-4 timar forelesing og 2 timar øvingar i 8-10 veker).
Obligatorisk undervisningsaktivitet
- Obligatoriske innleveringar, som må gjerast og godkjennast i undervisningssemesteret.
- Obligatorisk deltaking: oppmøte på obligatoriske lab- og seminargrupper (minst 75%).
Godkjende obligatoriske undervisingsaktivitetar er gyldige i to semester etter godkjenninga.
Vurderingsformer
4 timar skriftleg eksamen.
Oppdatert: Vurderingsform endra frå skuleeksamen til heimeeksamen (3 timar) våren 2021 som del av tiltak for å hindre spreiing av koronaviruset.
Hjelpemiddel til eksamen
Alle skriftlege hjelpemiddel i papirform er tillatne på eksamen.
Karakterskala
Karaktersett med bokstavkarakterar (A-F).
Vurderingssemester
Eksamen vert tilbydd i undervisningssemesteret og påfølgande semester (ordinær eksamen for studentar med gyldig godkjent obligatorisk undervisningsaktivitet).
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Institutt
Institutt for informasjons- og medievitskap
Kontakt
Kontaktinformasjon
Eksamensinformasjon
Vurderingsordning: Heimeeksamen
- Oppgave utleveres
- 11.02.2021, 09:00
- Innleveringsfrist
- 11.02.2021, 12:00
- Trekkfrist
- 28.01.2021
- Eksamenssystem
- Inspera
- Digital eksamen