Innføring i programmering
- Studiepoeng10
- UndervisingssemesterHaust
- EmnekodeINFO132
- Talet på semester1
- Språk
Norsk
- Ressursar
Hovedinnhold
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Undervisningssemester
Haust
Mål og innhald
Emnet gjev innføring i programmering. Studentane skal læra å skriva enkle program og forstå grunnleggjande omgrep i eit moderne programmeringsspråk, blant anna variable, tal- og tekst-operasjonar, val- og løkkestrukturar, funksjonar, iterasjon, samlingsstrukturar, filer, klassar og elementære prinsipp for objekt-orientering.
Emnet gjev ei praktisk innføring i programmeringsspråket Python.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Kandidaten
- har kunnskap om sentrale omgrep innan programmering og korleis desse vert realisert i eit moderne programmeringsspråk.
- har kjennskap til datamaskinen sin virkemåte, eksekvering og datalagring.
Ferdigheit
Kandidaten
- har erfaring med bruk av programmeringsomgrep og programmeringskonstruksjonar.
- har erfaring med verktøy som vert nytta for å skrive, køyre og teste enkle program.
- kan utforme enkle program som handterer ulike type data
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Berre for studentar på følgjande studieprogram:
- Bachelorprogram i informasjonsvitskap
- Årsstudium i informasjonsvitskap
- Bachelorprogram i medie- og interaksjonsdesign
Om våren undervisast DATA110 Innføring i programmering (10 sp). Dette er ope for alle med studierett ved UiB.
Arbeids- og undervisningsformer
Forelesingar, lab-øvingar og oppgåveløysing (normalt 2 timar forelesing og 4 timar datalab i 14-16 veker).
Obligatorisk undervisningsaktivitet
- 3 hovudinnleveringar som må godkjennast.
- 7-8 temainnleveringar, der 80% må godkjennast.
Oppgåvene er gyldige i fire semester etter det semesteret dei har vore godkjende. Gyldige obligatoriske arbeidskrav er ekvivalente med obligatoriske arbeidskrav på DATA110.
Vurderingsformer
4 timar karaktersett skriftleg eksamen.
Oppdatert: Skuleeksamen blir gjennomført som 3 timar heimeeksamen(inspera digital eksamen) våren 2021 som del av tiltak for å hindre spreiing av koronaviruset.
Karakterskala
Karaktersett med bokstavkarakterar (A-F).
Vurderingssemester
Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret. Ny eksamen påfølgande semester berre for studentar med rett til ny vurdering.
Studentar som har gyldig godkjent obligatorisk undervisningsaktivitet frå INFO132 kan ta ordinær eksamen i DATA110.
Avgrensinga i talet på vurderingsforsøk (Studieforskrifta §6.8) gjeld samla for emna DATA110 og INFO132.
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Kontakt
Eksamensinformasjon
Vurderingsordning: Heimeeksamen (Ny eksamen)
- Oppgave utleveres
- 09.02.2021, 09:00
- Innleveringsfrist
- 09.02.2021, 12:00
- Trekkfrist
- 26.01.2021
- Eksamenssystem
- Inspera
- Digital eksamen