Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Klientprogrammering

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Mål og innhald

Emnet gjev innføring i brukarsideprogrammering. Studentane skal læra å utforme og programmere interaktive brukargrensesnitt, for eksempel på verdsveven («world wide web») eller i mobile klientar.

Emnet føresett grunnleggjande forståing av objektorientert programmering og gjev ei innføring i aktuelle teknologiar og standardar for programmering av dynamiske interaktive grensesnitt, samt bruk av vevtenester. Emnet er spesielt tilpassa studentar utan realfagleg bakgrunn.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Kandidaten

  • kan sentrale omgrep i moderne interaktive brukargrensesnitt på mobile klientar og på verdsveven

Ferdigheit

Kandidaten

  • kan lage vevsider i HTML5 og CSS
  • kan programmere interaktive vevsider med JavaScript, DOM og andre aktuelle API-ar
  • kan bruke JSON, REST-tjenester, til dømes til skylagring
  • kan bruke verktøy som vert nytta for å skrive, køyre og teste enkle program

Krav til forkunnskapar

INFO132, INF100, MIX101, INF109 eller tilsvarende.

Krav til studierett

Ope

Arbeids- og undervisningsformer

Forelesingar og datalabgrupper.

(Normalt 2 timar forelesing og 4 timar datalab i ca. 10 veker)

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatorisk deltaking: Oppmøte på obligatoriske labgrupper (minst 80%).

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

  • 3 timars skriftleg eksamen (40%)
  • Prosjektoppgåve i gruppe (60%)

Karakterskala

Bokstavkarakterar med skalaen A-F

Fagleg overlapp

Ingen

Vurderingssemester

Vår

Emneevaluering

Emnet vert evaluert av studentar kvart 3. år, av faglærer kvart år.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Administrativt ansvarleg

Det samfunnsvitskaplege fakultet v/ Institutt for informasjons- og medievitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her: studieveileder@ifi.uib.no / 55 58 90 00

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skoleeksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen. Eksamenslokale publiseres 14 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skuleeksamen og prosjektoppgåve i gruppe

    Trekkfrist
    19.04.2018
    • Eksamensdel: Prosjektoppgåve i gruppe

      Innleveringsfrist
      03.05.2018, 14:00
      Eksamenssystem
      Inspera
      Digital eksamen
    • Eksamensdel: Skuleeksamen

      Dato
      07.06.2018, 15:00
      Varigheit
      3 timer
      Eksamenssystem
      Inspera
      Digital eksamen
      Sted