Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Vidarekommande programmering

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeINFO135
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk
  • Ressursar

Undervisningssemester

Vår

Mål og innhald

Emnet skal gje vidare kunnskapar om programmering, blant anna datastrukturer og algoritmar, objekt-orientering, trådar, rekursjon samt elementære effektivitetsbetraktningar.

Det blir også gitt en innføring i ulike standardar for strukturerte data til bruk i eksterne datakjelder.

Fagleg innhald:

  • Utvalte tema om datastrukturar og algoritmar, blant anna effektivitet.
  • Programmeringsteknikkar som objekt-orientering og tråd-programmering
  • Standardar for strukturerte data, til dømes Json, rdf, xml og handtering av slike data.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte:

Kunnskap

Studenten

  • har inngåande kunnskap om utvalte algoritmar og datastrukturar.
  • har grunnleggjande kunnskap om objekt-orientering og tråd-programmering
  • har elementær kunnskap om effektivitets-analyse av algoritmar
  • har kjennskap til standardar for strukturerte data

Ferdigheit

Studenten

  • kan utføre grunnleggjande effektivitets-analyse av ulike algoritmar
  • kan velje hensiktsmessige datastrukturer og algoritmar for ulik bruk
  • kan implementere datastrukturar og algoritmar i programmeringsspråket Python
  • kan handtere ulike former for strukturerte data ved hjelp av Python

Krav til forkunnskapar

INFO132 eller tilsvarande

Krav til studierett

Ope

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesingar og gruppeøvingar (normalt 2 timar forelesing og 2 timar gruppeøving i ca. 14-16 veker).

Obligatorisk undervisningsaktivitet

  • Obligatoriske innleveringar, som må gjerast og godkjennast i undervisningssemesteret.
  • Obligatorisk deltaking: Oppmøte på gruppeøvingar (minst 80%). 

Godkjende obligatoriske undervisingsaktivitetar er gyldige i to semester etter godkjenninga.

Vurderingsformer

4 timar skriftleg eksamen

Karakterskala

Karaktersett med bokstavkarakterar (A-F).

Fagleg overlapp

  • INF102 (10 sp)
  • INFO233 (10 sp)

Vurderingssemester

Eksamen vert tilbydd i undervisningssemesteret og påfølgande semester (ordinær eksamen for studentar med gyldig godkjent obligatorisk undervisningsaktivitet).

Emneevaluering

Emnet vert evaluert av studentar kvart 3. år, av faglærar kvart år.

Kontakt

Kontaktinformasjon

studieveileder@ifi.uib.no