Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Metodar i kunstig intelligens

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Mål og innhald

Emnet gjev teoretisk og praktisk grunnlag for fleire under-displinar i kunstig intelligens. Kurset vil omhandle slike tema som planlegging, søk i tilstandsrom, optimalisering for kunstig intelligens, kunnskapsrepresentasjon, logikk-basert resonnerings, resonnering med usikker informasjon, multi-agent-system, naturleg språk og den semantiske veven.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte:

Kunnskap

Studenten har

  • teoretisk kunnskap om kunstig intelligens-algoritmar og metodar bruk for problemløysing i intelligente datasystem.
  • god forståing for koplingar mellom utbreidde under-disiplinar i kunstig intelligens, som eit godt fundament for vidare studiar innan kunstig intelligent.

Ferdigheiter

Studenten

  • kan bruke kunstig intelligens-metodar i moderne programvare.

Krav til forkunnskapar

Studiepoengsreduksjon

-

Krav til studierett

Ope

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesingar, labøvingar, oppgåveløysing, programmeringsøvingar, normalt 2 timar førelesing og 2 timar datalab i 14 veker.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatoriske innleveringar, som må gjerast og godkjennast i undervisningssemesteret.

Godkjende obligatoriske undervisingsaktivitetar er gyldige i to semester etter godkjenninga.

Vurderingsformer

4 timar skriftleg eksamen

Oppdatert: Vurderingsform endra frå 4 timar skuleeksamen til 2 timar heimeeksamen som del av tiltak for å hindre spreiing av koronaviruset.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Karaktersett med bokstavkarakterar (A-F).

Vurderingssemester

Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret. Ny eksamen påfølgande semester berre for studentar med rett til ny vurdering.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 1. juni.

Emneevaluering

Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.

Programansvarleg

Programrådet for informasjonsvitskap

Emneansvarleg

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du i Mitt UiB

Administrativt ansvarleg

Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for informasjons- og medievitskap har det administrative ansvaret for emnet.

Eksamensinformasjon