Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Grunnleggande algoritmar i kunstig intelligens

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust (siste gong hausten 2019)

Mål og innhald

Emnet skal gje det teoretiske og praktiske grunnlaget for å kunne unytte søke- problemløysingsalgoritmar innan kunstig intelligens i utvikling av ulike typar informasjonssystem og programvare.

Emnet tar opp ulike tema som heuristiske søkealgoritmar, optimaliseringsalgoritmar for kunstig intelligens, søk i spel og kravoppfyllingsproblem.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap: Kandidaten

  • har teoretisk kunnskap om algoritmar for søk og problemløysing i intelligente datasystem.
  • har ei god forståing av korleis ein brukar søke-algoritmar i kunstig intelligens og slik eit grunnlag for vidare studium innan kunstig intelligens-feltet.

Ferdigheit: Kandidaten

  • kan utnytte slike algoritmar til bruk i informasjonssystem, dataspel, og anna relevant programvare.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

INFO102, INFO132 eller tilsvarande

Krav til studierett

Ope for studentar med studierett ved UiB

Arbeids- og undervisningsformer

Forelesingar, programmeringslab, 8-10 forelesingar a to timar, inntil 8 labøvingar a 2 timar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ei eller fleire oppgåver som må gjerast og godkjennast i undervisningssemesteret.

Obligatorisk oppmøte på lab.

Godkjende obligatoriske undervisingsaktivitetar er gyldige i to semester etter godkjenninga.

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

Skriftleg eksamen, 3 timar

Karakterskala

Bokstavkarakterar med skalaen A, B, C, D, E, F

Fagleg overlapp

Ingen

Vurderingssemester

Eksamen vert tilbydd i undervisningssemesteret og påfølgande semester (ordinær eksamen for studentar med gyldig godkjent obligatorisk undervisningsaktivitet).

Emneevaluering

Emnet vert evaluert av studentar kvart 3. år, av faglærer kvart år.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Administrativt ansvarleg

Det samfunnsvitskaplege fakultet v/ Institutt for informasjons- og medievitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Institutt

Institutt for informasjons- og medievitskap

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:

studieveileder@ifi.uib.no

Tlf 55 58 90 00

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skoleeksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen. Eksamenslokale publiseres 14 dager før eksamen. Kandidatene finner sin egen romplassering på Studentweb 3 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skuleeksamen

    Dato
    14.11.2019, 15:00
    Varigheit
    3 timer
    Trekkfrist
    31.10.2019
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen