Hjem
Studentsider
Masteremne

Prosjekt og forskingsdesign for informasjonsvitskap

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

15 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

-

Mål og innhald

Målet med kurset er å få studentane tidleg i gong med arbeidet med masteroppgåva gjennom å gi praktisk og handverksmessig kunnskap om korleis ein gjennomfører eit masteroppgåveprosjekt fram til eit tilnærma fyrsteutkast. Studentane vel prosjekt som er knytt til rettleiar frå ein katalog av tilgjengelege prosjekt. Ein kan ikkje garantere at alle får førstevalet sitt, men ein har som mål å få til dette. Gjennom utarbeiding av ei omfattande prosjektskisse (ca. 8000 ord) skal dei få auka innsikt i akademisk skriving, litteratursøking og forskingsdesign meir allment, med særskild vekt på val av relevant teori og metode og ei fornuftig avgrensing av prosjektet. Prosjektskissa dannar grunnlaget for masteroppgåva.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Kandidaten

  • kjenner krava til ei prosjektskisse for eit masterarbeid i informasjonsvitskap, så vel som dei vitskaplege krava til og arbeidsomfanget til ei masteroppgåve
  • har oversyn over breidda av metodiske tilnærmingar i faget
  • har grunnleggjande kjennskap til relevant forsking/teori innan sitt valde fagfelt og metodane som er tenkt nytta

Ferdigheitar

Kandidaten

  • kan drøfte moglege etiske problemstillingar og relatert lovverk/søknadsprosedyrar
  • kan formulere klare problemstillingar, trekkje inn relevant forsking på det aktuelle feltet og utforme metodisk veleigna forskingsopplegg for si masteroppgåve
  • kan utforma ei skisse til prosjekt som kan danne eit godt utgangspunkt for det vidare arbeidet med masteroppgåva, og gjennomføre eit sjølvstendig forskingsprosjekt på masternivå i informasjonsvitskap
  • kan gje fagfellevurdering av prosjektskissar på masternivå i informasjonsvitskap

Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan nytte tenestene og litteratursøkemogligheitene via UB
  • kan vurdere andre sitt forskingsopplegg kritisk og gje konstruktive tilbakemeldingar på desse
  • har oversyn over dei sentrale forskingsmiljøa innan informasjonsvitskap

Krav til forkunnskapar

Bachelorgrad i informasjonsvitenskap eller tilsvarende

Tilrådde forkunnskapar

-

Studiepoengsreduksjon

Full overlapp mot INFOMEVI300

Krav til studierett

Emnet er reservert studentar på masterprogrammet i informasjonsvitskap.

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesning og seminar. Individuell og plenumsbasert rettleiing.

Ca. 2-4 timar undervisning per veke i ca. 12-14 veker

Obligatorisk undervisningsaktivitet

  • Kortare prosjektskisse: Etter fire veker skal studentane levere eit kortare framlegg til prosjektskildring på 3-4 sider.
  • Førsteutkast: Etter åtte veker skal studentane levere eit fyrsteutkast på 700-1000 ord som skal vere godkjend av ein rettleiar.
  • Obligatorisk oppmøte

Obligatoriske arbeidskrav er gyldige i eitt semester utover undervisningssemesteret.

Oppdatert: Pga. koronasituasjonen vil kravet om oppmøte ikkje være obligatorisk vårsemesteret 2021. Vi oppmodar likevel studentane til å følgje undervisninga i størst mogleg grad.

Vurderingsformer

Prosjektskildring på ca. 8000 ord.

Hjelpemiddel til eksamen

-

Karakterskala

Bestått/ikkje bestått

Vurderingssemester

Eksamen vert tilbydd i undervisningssemesteret.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 1. desember.

Emneevaluering

Alle emne vert evaluerte i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Institutt for informasjons- og medievitskap

Administrativt ansvarleg

Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for informasjons- og medievitskap har det administrative ansvaret for emnet.

Kontakt

studieveileder@ifi.uib.no

Tlf 55 58 91 00 / 55 59 41 17

Eksamensinformasjon