Forskingstema i menneske-maskin interaksjon (HCI)

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Målet med kurset er å gi ei innføring i forskingsfeltet menneske-maskin interaksjon (eng. Human-Computer Interaction, HCI). Studentane vil få kunnskap om ei rekke avanserte konsept og tilnærmingar til analyse og design av interaktive system.

I kurset får studentane lære om ulike interaksjonsformer, modalitetar og paradigme i HCI forsking. Dei vil også verte kjent med hovudutfordringane ved å designe interaktive teknologiar og korleis dette kan inngå i ein forskingsprosess. Vi vil gi eit oversyn over utvalte emne i forskingsfeltet, og vil dekkje aktuelle designmessige, metodologiske og teoretiske problemstillingar i feltet.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten...

  • kjenner til hovudtema og utfordringar i HCI-forskinga i dag, og til nye forskingsproblemstillingar
  • kjenner til sentrale og aktuelle omgrep, metodar og tilnærmingar i HCI-forskinga
  • forstår dei sosiale implikasjonane av interaktive teknologiar

Ferdigheitar

Studenten...

  • kan diskutere korleis omgrep og metodar kan nyttast i analyse, design og evaluering av interaktive teknologiar
  • kan planleggje og implementere utforskande prosjekt for å skissere og prototype nye interaktive teknologiar og interaksjonsformer
  • kan presentere og diskutere sentrale tema i HCI-feltet, både munnleg og skriftleg
  • kan arbeide i team for å skape og evaluere prototypar for nye interaktive teknologiar
  • kan jobbe i team for å dokumentere produksjon og evaluering av nye interaktive teknologiar

Generell kompetanse

Studenten...

  • kan tileigne seg ny kunnskap
  • kan reflektere over eigen læringsprosess
  • kan arbeide i team i ulike roller

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Ujamnt
Krav til forkunnskapar
Bachelorgrad i informasjonsvitskap eller tilsvarande
Tilrådde forkunnskapar
INFO161/INFO261/INFO262
Krav til studierett
Master i informasjonsvitskap eller master i medie- og interaksjonsdesign
Arbeids- og undervisningsformer
Forelesninger, individuelle oppgåver og gruppeoppgåver, presentasjoner og diskusjoner.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
  • Obligatoriske oppgåver som må godkjennast før studenten kan gå opp til eksamen
  • Obligatorisk deltaking (80 %)
  • Godkjende obligatoriske arbeidskrav er berre gyldige i undervisningssemesteret.

    Vurderingsformer
  • Semesteroppgåve i grupper (55%)
  • Individuell munnleg eksamen (45%)
  • Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.

    Eksamenssvaret skal leverast på same språk som eksamensoppgåva.

    Karakterskala
    A-F
    Vurderingssemester

    Eksamen vert tilbydd i undervisningssemesteret.

    Studenter med gyldig fravær slik det er definert i UiB-forskriften § 5-5 kan søke om utsatt innleveringsfrist til eksamen.infomedia@uib.no. Søknaden må sendes før fristen for å levere er gått ut.

    Emneevaluering
    Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.