Hjem

Utdanning

Masteremne

Masteroppgåve i informasjonsvitskap

Undervisningssemester

Vår/haust

Mål og innhald

Masteroppgåva skal vere eit sjølvstendig forskingsarbeid under rettleiing om eit relevant tema innanfor informasjonsvitskap. Studenten skal vise at ho/han har og kan nytte avansert kunnskap og vitskapleg metode innanfor fagområdet. Vidare skal studenten meistre bruk av kjelder. Framstillinga skal gjere greie for problemstilling, metode og resultat og skal syne at studenten meistrar fagområdet sine uttrykksformer.

I større prosjekt kan studentar søkje om å få levere felles masteroppgåve. Søknaden vert vurdert etter naturen og omfanget til prosjektet. Det blir stilt krav til at samarbeidet vert dokumentert.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • har avanserte teoretiske og tekniske kunnskapar med en djup innsikt i fagfeltet masteroppgåva handlar om, inkludert problemstillingar, teoretisk og teknisk bakgrunn, og relevante forskingsmetodar
  • har god kjennskap til vitskaplege vurderings- og kvalitetskriterier og til forskingsetikk

Ferdigheitar

Studenten

  • er i stand til å gjennomføre informasjonsvitskapleg forsking, inkludert definisjon av problemstilling og hypotese, litteraturstudium, datainnsamling, analyse og kritisk evaluering
  • kan analysere eksisterende teorier, teknologier og metoder, samt arbeide selvstendig med praktisk og teoretisk problemløsning
  • bruke og integrere relevante forskingsmetodar på eit systematisk vis.
  • kan finne fram til, assimilere innhaldet i, kritisk vurdere og relatere sitt arbeid til relevant litteratur
  • er i stand til å analysere og reflektere sjølvstendig, gjøre kritiske vurderinger og argumentere for eigne teoretiske og metodiske val
  • presentere og diskutere eiga forsking munnleg og skriftleg

Generell kompetanse

Studenten

  • er i stand til å tileigne seg avansert teoretisk og teknisk kunnskap samt praktiske dugleikar
  • kan bruke eigen kunnskap til avansert analyse av teoretiske og praktiske problemstillingar
  • behersker fagets uttrykksformer og kan formidle omfattende informasjonsvitenskapelig arbeid og resultat
  • er kvalifisert for et breitt spekter av faglege oppgåver knytt til utvikling og bruk av IKT i privat og offentleg sektor
  • kan utføre forsknings- og utredningsoppgaver og har grunnlag for videre forskerutdanning i informasjonsvitenskap

Krav til forkunnskapar

INFOMEVI300

Krav til studierett

Mastergradsstudentar i informasjonsvitskap.

Arbeids- og undervisningsformer

Rettleiing på masteroppgåve.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

  • Deltaking på midtveisseminar
  • Etter at masteroppgåva er innlevert, skal studenten gi ein individuell presentasjon på 30 minutt av masteroppgåva, med etterfølgjande diskusjon. Eksamenskommisjonen vurderer presentasjonen til godkjend/ikkje godkjend. Dersom presentasjonen ikkje kan godkjennast, vil studenten få høve til å gi ein ny presentasjon utan å levere oppgåva på nytt. Dette må gå føre seg innanfor same semester som da oppgåva vart levert. Det obligatoriske arbeidskravet er ikkje gyldig utover det semesteret dei vert godkjende.

Vurderingsformer

Masteroppgåve. Gruppevurdering etter søknad.

I tilfelle klage vil masteroppgåva bli vurdert på nytt.

Karakterskala

Karaktersett med bokstavkarakterar (A-F).

Vurderingssemester

Vår/haust

Emneevaluering

INFO390 er gjenstand for kontinuerlig evaluering.

Kontakt

Kontaktinformasjon

studieveileder@ifi.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Masteroppgåve

    Innleveringsfrist
    01.12.2018
    Trekkfrist
    17.11.2018