Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Islandsk grammatikk og fonetikk

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen.

Mål og innhald

Mål:

Studiet skal gje studentane god kjennskap til moderne islandsk grammatikk, fonetikk og fonologi. Studentane skal i nokon grad kunne lese og forstå islandsk tekst gjennom tekstlesing og omsetjing av tekstar av normal vanskegrad. Det vert lagt vekt på at studentane løyser oppgåver gjennom heile semesteret og får tilbakemelding på oppgåvesvara.

Innhald:

Gjennomgang av islandsk grammatikk, fonetikk og eit utval tekstar.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • skal kunne skildre enkeltdelar av det grammatiske systemet i islandsk og samanhengen mellom dei

Ferdigheiter

Studenten

  • skal kunne løyse oppgåver på en tilfredsstillande måte, lese islandsk med nokolunde riktig uttale og omsetje islandske tekstar av normal vanskegrad

Generell kompetanse

Studenten

  • skal ha kunnskap om det islandske språket: grammatikk, uttale og tekstforståing

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

Ex.fac. Språk og kommunikasjon eller tilsvarande

Studiepoengsreduksjon

Fullt overlapp med ISL101

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga skjer i form av innlegg frå læraren og løysing av oppgåver i timen og heime. Undervisningsomfanget er 52 timar (tilsvarande to dobbeltimar i veka).

Undervisningsopplegget har som føresetnad at studentane er til stades og deltek aktivt.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt, vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk å levere inn og få godkjent åtte av ti heimeoppgåver for å kunne ta eksamen.

Godkjend aktivitet er gyldig i undervisningssemesteret og semesteret etter.

Vurderingsformer

Eksamenen er ei skriftleg prøve (skuleeksamen) på 6 timar.

Oppgåvene blir gitt med det som føresetnad at studentane har delteke på undervisninga.

Studenten kan skrive på norsk, dansk, svensk eller engelsk.

Hjelpemiddel til eksamen

Det er høve til å bruke desse ordbøkene under eksamen:

  • Árni Böðvarsson: Íslensk orðabók fyrir skóla og skrifstofur. Mál og menning
  • Ivar Orgland og Frederik Raastad: Islandsk-norsk ordbok.

Karakterskala

Karakterskala A-F.

Vurderingssemester

Haust. Der er og vurdering tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

Pensumet er på om lag 1000 sider av normal vanskegrad.

I semesteret får studentane låne islandsk-islandsk ordbok av instituttet: Árni Böðvarsson: Íslensk orðabók fyrir skóla og skrifstofur. Mál og menning. Studenten kan bruke desse ordbøkene på den skriftlege prøva. I tillegg vil studenten ha tilgang til islandsk-norsk ordbok på nettet. Litteraturlista vil vere klar innan 1. juni. Den emneansvarlege fastset pensumet.

Emneevaluering

Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret for nordisk

Emneansvarleg

Programstyret for nordisk

Administrativt ansvarleg

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Kontakt

Kontaktinformasjon

studierettleiar@lle.uib.no