Energi- og miljøfysikk

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål: Emnet har som mål å gi studentane ei insikt i grunnleggjande fysikk som er relevant for, og tema som høyrer heime i, opplyst samfunnsdebatt.

Emnet skal formidle korleis fysikkens grunnleggjande lover kan nyttast til å forstå og forklare prosesser og effektar knytt til energikjelder, energiberarar, energidistribusjon, miljøfysikk og ioniserande stråling.

Innhald: Emnet gir ei innføring i energi- og klimafysikk med spesiell vekt på dei fysiske prosessane som ligg til grunn. Eksempel på tema som vert behandla er:

Energifysikk: Energikonservering og termodynamikkens lover, energikonvertering, energikvalitet og verkningsgrad, energikjelder og energiberarar, energiproduksjon inklusiv forbrenningsmotorar, vasskraftverk, solceller, vindkraft og kjernekraft, og distribusjon av elkraft.

Klimafysikk - kva faktorar påverkar klimaet?: Jorda sitt energibudsjett, strålingslover inklusiv absorpsjon, spreiing og utstråling, varmetransport i atmosfæra og hava, tilbakekoplingsmekanismar, og atmosfæra si samansetjing - kva gassar er klimagassar og kvifor?

Ioniserande stråling: Strålinga sitt fysiske opphav i atom og kjerner, radioaktivitet, biologiske effektar, doseberekningar, og strålevern.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha fylgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og kompetanse:

Kunnskapar:

Studenten 

  • har brei kunnskap om sentrale tema i energi- og miljøfysikk
  • kjenner til utvalde naturlover anvendt innan energifysikk, atmosfærefysikk og strålingsfysikk
  • har forståing for sentrale prosessar i energiproduksjon og energikonvertering, jorda sitt energibudsjett, og nytte og risiko ved bruk av ioniserande stråling

Ferdigheiter:

Studenten

  • kan anvende fagleg kunnskap i grunnleggjande fysikk og matematikk på enkle problemstillingar og bruke fagleg argumentasjon 
  • kan gjere greie for relevante faglege metodar og uttrykksform og kan diskutere sentrale teoriar, problemstillingar og løysingar med andre studentar
  • kan finne, vurdere og vise til informasjon og fagstoff, gjennomføre ein litteraturstudie av eit valt tema og skrive ein rapport om temaet

Generell kompetanse:

Studenten

  • har generell kunnskap om den faglege koplinga mellom grunnleggjande fysikk og sentrale tema i energi- og miljøfysikk
  • kan gjere greie for utvalde problemstillingar innan energi- og mljøfysikk
  • kan praktisere grunnleggjande norm for akademisk skriving

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emnet er avgrensa til studentar opptekne på studieprogrammet Informasjonsteknologi og økonomi (sivilingeniør), master, 5 år. 
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga vert gitt i form av førelesingar, gjennomgang av oppgåver i plenum, rekneverkstad og prosjektoppgåve.

Førelesingar 4 timar i veka.

Seminar 2 timar i veka.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Godkjend prosjektrapport inklusiv kollegavurdering.

Godkjend obligatorisk aktivitet er gyldig i tre påfølgande semester etter godkjenninga.

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsform:

Skriftleg eksamen (4 timar), utgjer 100 % av karakteren

Karakterskala
Bokstavkarakterar A - F.
Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester. I semesteret utan undervisning er eksamen tidleg i semesteret.

Studenter som oppfyller kravet til kontinuasjonseksamen (ihht. UiB-forskriften § 5-6) henvises til neste ordinære eksamen.

Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Hjelpemiddel til eksamen
Enkel kalkulator tillete i samsvar med modellar som kjem fram i Det matematisk-naturvitskaplege fakultet sine reglar. Tilletne kalkulatormodellar inkluderer: Casio fx-82ES PLUS og Casio fx-82EX
  • Fem A4-sider med studentane sine eigne notat. Notatane kan vere hand- eller maskinskrivne, men må kunne lesast utan hjelpemiddel som forstørringsglas.
Programansvarleg
Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Administrativt ansvarleg
Det matematisk-naturvitskaplege fakultet ved Institutt for fysikk og teknologi har det administrative ansvaret for emnet.