Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Makroøkonomi

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeITØK102
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk
  • Ressursar

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

UiB

Mål og innhald

Målet med kurset er å gi studentene ein introduksjon til makroøkonomisk analyse og modellverkty.

I kurset gjennomgår vi sentrale målestorleikar, t.d. nasjonalreknskap, rentenivå, investeringar, inflasjon og vekst, og korleis disse kan påverkast med hjelp av offentleg politikk. Ein går mellom anna vidare inn på globaliserte kapitalmarknader, optimale valutaområder og internasjonale pengesystem.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten...

  • kan gjere greie for dei viktigaste samanhengane i nasjonalrekneskapen, korleis ein stiller opp eit utanriksrekneskap, og korleis ein kan utvide nasjonalrekneskapsapparatet til opne økonomiar.
  • kan forklare korleis makroøkonomiske nøkkelstorleikar slik som rente, valuta, og aktivitetsnivå heng saman med kvarandre, og korleis desse kan påverkast med hjelp av offentleg politikk.
  • gjere greie for forholdet mellom nominell og reell valutakurs og relative prisar på ulike land sine eksportvarer
  • gjere greie for teorien om kjøpekraftsparitet
  • beskrive og forklare den ulike fordelinga av inntekt mellom land

Ferdigheiter

Studenten...

  • kan nytte modellane til å drøfta aktuelle makroøkonomiske hendingar i Noreg og verda, samt økonomisk politikk
  • drøfte omgrepet nominell og realvalutakurs
  • drøfte forholdet mellom realvalutakurs og internasjonale forskjellar i realrenter
  • gje eit historisk oversyn over internasjonale pengesystem
  • drøfte teorien for optimale valutaområde og drøfte utfordringar i eurosamarbeidet i lys av denne teorien

Generell kompetanse

Studenten...

  • kan følgje uformelle økonomiske resonnement knytta til faget, for eksempel innhaldet i faglige utgreiingar eller politiske diskusjonar.
  • har trening i å framstille resonnement ved hjelp av modellar og figurar.
  • har trening i innhenting og tolkning av makroøkonomiske data

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

ITØK101, MAT111.

Studiepoengsreduksjon

4 studiepoeng med ECON130, 6 studiepoeng med ECON230.

Krav til studierett

Emnet er avgrensa til studentar opptekne på studieprogrammet Informasjonsteknologi og økonomi (sivilingeniør), master, 5 år. 

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesingar og seminarundervisning.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatoriske seminar og to obligatoriske innleveringsoppgåver. Det er obligatorisk oppmøte på minst 67% av seminarene.

Obligatoriske arbeidskrav som er godkjende har inga tidsavgrensing.

Vurderingsformer

4 timar skriftleg eksamen.

Hjelpemiddel til eksamen

Matematisk formelsamling av K Sydsæter, A. Strøm og P. Berck eller Mathematical Formulas for Economists of B. Luderer, V. Nollau and K. Vetters. Kalkulator: Berre følgjande enkle, ikkje-programmerbare kalkulatorar utan grafisk display vert tillate brukt ved skriftlege prøvar:

Alle modellar av typane:

  • Casio FX-82, Casio FX-82ES PLUS eller Casio FX-82EX
  • Hewlett-Packard HP30
  • Texas instruments TI-30

Institutt for økonomi kan gjennomføre stikkprøvar av hjelpemidla i eksamenslokalet.

Karakterskala

Bokstavkarakterar A-F

Vurderingssemester

Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret. Ny eksamen påfølgande semester berre for studentar med rett til ny vurdering.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06 for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.

Programansvarleg

Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der. 

Emneansvarleg

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du i Mitt UiB. 

Administrativt ansvarleg

Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for økonomi har det administrative ansvaret for emnet. 

Kontakt

Institutt for økonomi

itok@uib.no

Tlf: 55 58 92 26