Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Utplassering i informasjonsteknologi og økonomi

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeITØK281
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk
  • Ressursar

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

UiB

Mål og innhald

Mål: Emnet har som mål å gi studentane verdifull og relevant praktisk erfaring gjennom praksisutplassering i ei bedrift eller forskingsverksemd relevant for informasjonsteknologi/økonomi. Studentane skal være utplassert hos oppdragsgjevar faste dagar i veka. 

Innhold: I emnet skal studenten delta aktivt i ei praksisutplassering hos ei bedrift/forskningsverksemd med arbeidsoppgåver som naturleg høyrer til innanfor Informasjonsteknologi og økonomi (sivilingeniør), master, 5 år. Emnet skal gi praktisk forståing for typiske arbeidsprosessar i ei bedrift/forskingsverksemd retta mot informasjonsteknologi og økonomi, med bruk for eksempel innan innhenting av marknadsdata, dataanalyse, modellering, programmering, tilpassing av software for bedrifta eller for bedrifta sine kundar. Emnet skal gi mulighet til å reflektere over samspelet mellom fullførte teoretiske fag i utdanningsprogrammet og praktisk yrkesutøving. 

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om bedrifta/institusjonen sin eigenart og plass i samfunnet 
  • kan gjere greie for arbeidsoppgåver og arbeidsmetodar i gjeldande praksisbedrift/institusjon, samt beskrive bedriftskulturen og rollene til kollegaer i praksisbedrifta

Ferdigheiter 

Studenten

  • kan sette seg inn i tildelte arbeidsoppgåver, samt kommunisere og samarbeide med involverte parter for å løyse desse 
  • kan reflektere over eigen fagleg utøving 
  • kan presentere arbeidet som er utført i praksisperioden skriftleg og munnleg 

Generell kompetanse

Studenten 

  • kan innordne seg etter krav som blir stilt i arbeidslivet 
  • kan reflektere over eigen kunnskap og læring, og reflektere over si eiga rolle i samarbeid med andre 
  • kan kommunisere om sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar både skriftleg og munnleg, og utveksle synspunkt og erfaringar med fagpersonar innanfor fagområdet 

Krav til forkunnskapar

ITØK101

Tilrådde forkunnskapar

STAT110, ITØK102, INFO132/135, ECON210

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Emnet er avgrensa til studentar opptekne på studieprogrammet Informasjonsteknologi og økonomi (sivilingeniør), master, 5 år. 

Arbeids- og undervisningsformer

Praksisutplassering i bedrift 

Praksisarbeidet skal utgjere to fulle arbeidsdagar pr. veke frå slutten august til slutten av november (14 veker). Dette tilsvarer omtrent 200 arbeidstimar. I tillegg kjem forarbeid, rapportering, presentasjoner og anna naudsynt arbeid i samband med emnet. Det vert utarbeida ein skriftleg kontrakt mellom studenten, Universitetet i Bergen og praksisbedrifta. Skiftleg og munnleg rapportering skjer til kontaktperson ved Universitetet i Bergen. 

Det gis skriftleg tilbakemelding frå kontaktperson i bedrifta 

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Innlevering av timelister signert av kontaktperson i bedrifta 

Godkjent obligatorisk aktivitet er gyldig i 2 påfølgande semester etter godkjenning. 

Vurderingsformer

Mappevurdering av det faglege innhaldet i praksisperioden med karakteren bestått/ikkje bestått. 

Mappa baserer seg på følgjande delar: 

  • 2 refleksjonsnotat undervegs i praksisperioden
  • Oppsummerande refleksjonsnotat etter enda praksisperiode

Detaljerte retningslinjer og fristar vert kunngjort ved oppstart for emnet. Delar av mappa sitt innhald kan måtte leverast/presenterast som elektroniske dokument/nettsider. 

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Bestått / ikkje bestått

Vurderingssemester

Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret. 

Litteraturliste

Ingen.

Emneevaluering

Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.

Programansvarleg

Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du i Mitt UiB.

Administrativt ansvarleg

Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for økonomi har det administrative ansvaret for emnet.

Kontakt

Institutt for økonomi

itok@uib.no

Tlf: 55 58 92 26