Hjem
Studentsider
Masteremne

Ekspertar i team

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeITØK381
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk
  • Ressursar

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

UiB

Mål og innhald

Mål: Målet med kurset er å lære deltakarane, både individuelt og som gruppe, bruk av samfunnsøkonomisk og informasjonsvitskapleg kunnskap i samanheng med eit praktisk oppdrag for ein ekstern oppdragsgjevar ("kunde"). 

Innhald: Studentane gjennomfører eit prosjekt for den bedrifta/organisasjonen som er oppdragsgjevar. Prosjektet blir gjennomført som eit gruppearbeid med 3-6 studentar pr. gruppe, og blir dokumentert i form av ein prosjektrapport.

Ved semesterstart vert det halde oppstartsseminar med fokus på å bu studentane på ulike sider ved det å jobbe for ein ekstern oppdragsgjevar. Ein viktig del av dette seminaret er å gjere studentande medvitne på sin eigen kompetanse og korleis dei kan nytte denne i praksisen. Vidare går ein gjennom praktiske utfordringar og forslag til løysingar på situasjonar som kan oppstå. Sidan prosjektet organisert som gruppearbeid vil det også bli lagt vekt på opplæring i effektiv arbeidsorganisering, her under møteteknikk.

Studentane blir tildelt eit prosjekt, og må rekne med å måtte delta i utviklinga av prosjektet. Studentane for grupperettleiing både frå bedrifta/organisasjonen og frå Institutt for økonomi. Dette blir organisert som prosjektmøter der studentane får ansvar for å organisere og leie møter. I tillegg vil kvar student få individuell rettleiing frå instituttet etter behov.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Kandidaten...

  • kan beskrive korleis ei bedrift/organisasjon organiserer arbeidet 
  • har erfaring i å kommunisere med aktørar i næringsliv/forvaltning 

Ferdigheiter

Kandidaten...

  • kan bruke samfunnsøkonomi og IKT på arbeidsrelevante praktiske oppgåver
  • kan organisere og leie prosjektmøter, ta referat etc. 
  • kan gjere seg kjent med aktuell litteratur og å bruke dette på ei aktiv og kritisk måte i forhold til nye problemstillingar i skjeringsfeltet mellom IKT og økonomi
  • kan bruke relevante metodar for forsking og fagleg utviklingsarbeid og på ein sjølvstendig måte gjere kvantitative utrekningar og analyser av økonomiske problemstillingar og IKT - forhold
  • kan presentere komplekse problemstillingar på ei lettfatteleg og poengtert måte for aktørar i næringslivet og forvaltninga 
  • kan forstå og løyse komplekse praktiske problem

Generell kompetanse 

Kandidaten...

  • kan kombinere teori med opplevingsbasert læring
  • kan reflektere over forholdet mellom teori og praksis
  • kan uttrykke seg nøyaktig og vitskapleg om aktuelle problemstillingar 
  • kan arbeide med observasjon, samhandling, rettleiing og praktisk utøving av faget 
  • har evne til klar og ryddig skriftleg og munnleg framstilling, og høg grad av logisk og matematisk presisjon
  • kan presentere eigne og andre sine arbeid skriftleg og munnleg 
  • kan samarbeide om å skrive felles prosjektrapport 
  • kan bidra til innovasjon i næringslivet og forvaltninga 

Tilrådde forkunnskapar

ITØK264, ECON340ECON310

Studiepoengsreduksjon

-

Krav til studierett

Emnet er avgrensa til studentar opptekne på studieprogrammet Informasjonsteknologi og økonomi (sivilingeniør), master, 5 år. 

Arbeids- og undervisningsformer

Form: Seminar og individuell rettleiing Tal veker: rundt 16 

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatorisk deltakelse på seminarer og gruppemøter

Vurderingsformer

Praksisrapport (skal skrivast i gruppe)

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Bestått / ikkje bestått

Vurderingssemester

Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret. 

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og  01.12. for vårsemesteret.  

Emneevaluering

Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.

Programansvarleg

Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.  

Emneansvarleg

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du i Mitt UiB.  

Administrativt ansvarleg

Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for økonomi har det administrative ansvaret for emnet.

Kontakt

Institutt for økonomi

itok@uib.no

Tlf: 55 58 92 26