Innføring i italienskstudium
- Studiepoeng10
- UndervisingssemesterHaust
- EmnekodeITAL100
- Talet på semester1
- SpråkNorsk og italiensk
- Ressursar
Hovedinnhold
Studiepoeng, omfang
10
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Fulltid/deltid
Fulltid/deltid
Undervisningssemester
Haust
Undervisningsstad
Bergen. Dette emnet finst også som eit reint nettstudium (ITAL620).
Mål og innhald
Emnet gjev ei elementær innføring i moderne italiensk. Det er basert på ein lærepakke og skal kunne utgjere grunnlaget for vidare studium i italiensk.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, dugleik og generell kompetanse:
Kunnskap
Dei studentane som har gjennomført emnet,
- har tileigna seg hovuddraga i italiensk uttale og grammatikk og det grunnleggjande ordtilfanget og dermed skaffa seg grunnlag for vidare studium i italiensk.
Dugleik
Dei studentane som har gjennomført emnet,
- kan kommunisere på italiensk på eit elementært nivå.
Generell kompetanse
Dei studentane som har gjennomført emnet,
- har ei viss innsikt i italienske samfunnstilhøve og kultur som kan kome til nytte både i andre studium og i yrkeslivet.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Det er ein føremon om studentane på førehand har byrja å lære seg enkel italiensk.
Studiepoengsreduksjon
På grunn av fagleg overlapp vert studiepoengutteljinga for ITAL100 redusert med 10 studiepoeng dersom emnet vert kombinert med ITAL620, ITAL001 eller ITAL002.
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved UiB.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga i emnet har form av førelesingar og seminarverksemd.
Omfanget av undervisninga i emnet vil normalt vere 2 dobbeltimar førelesing (det vil seie 4 undervisningstimar) og 2 timar oppgåveseminar kvar veke i ein periode på til saman 10 veker.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Det er obligatorisk oppmøte til minst 80 prosent av undervisninga. Oppmøtet blir kontrollert.
Godkjenninga av det obligatoriske arbeidskravet er gyldig i det semesteret det er gjennomført og i semesteret etter.
Vurderingsformer
Vurderingsforma i emnet er sett saman av to delar:
- Ein munnleg presentasjon i oktober. Hausten 2021 vert munnleg eksamen gjennomført på campus som normalt. Studentar som er i ei risikogruppe eller av andre koronarelaterte grunnar ikkje kan møte på campus, kan kontakte instituttet på eksamen.if@uib.no
- Ein skriftleg eksamen. Hausten 2021 er vurderingsforma endra frå skriftleg skoleeksamen til to timar skriftleg eksamen heimefrå + éin time teknisk tilleggstid, som tiltak mot spreiing av koronavirus.
Den skriftlege vurderingsforma tel 75% og den munnlege 25% av den endelege karakteren. Begge vurderingsdelane må vere greidde i det same semesteret for å kunne få fullført emnet.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen.
Karakterskala
Det blir nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Haust. Det er òg vurdering tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av det obligatoriske arbeidskravet frå semesteret før.
Litteraturliste
Litteraturlista opplyser om dei tekstar som til ei kvar tid gjeld for emnet. Litteraturlista vil vere klar innan 1. juni for haustsemesteret og 1. desember for vårsemesteret
Emneevaluering
Emneevalueringar bli gjennomførde i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem
Programansvarleg
Programstyret har ansvaret for fagleg innhald og oppbygging av studiet, og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Programstyret for italiensk
Administrativt ansvarleg
Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.
Kontakt
Studierettleiar: studierettleiar@if.uib.no Eksamensadministrasjon: eksamen@if.uib.no
Eksamensinformasjon
Klokkeslett for oppstart av skriftlig eksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen.
Vurderingsordning: Skriftleg eksamen heime og munnleg eksamen
- Trekkfrist
- 08.02.2022
Eksamensdel: Skriftleg eksamen heime
- Dato
- 22.02.2022, 09:00
- Varigheit
- 3 timer
- Eksamenssystem
- Inspera
- Digital eksamen
Eksamensdel: Munnleg eksamen
- Dato
- 31.03.2022, 12:15
- Eksamenssystem
- Inspera
- Digital eksamen