Innføring i italienskstudium

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet gjev ei elementær innføring i moderne italiensk. Det er basert på ein lærepakke og skal kunne utgjere grunnlaget for vidare studium i italiensk.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, dugleik og generell kompetanse:

Kunnskap

Dei studentane som har gjennomført emnet,

- har tileigna seg hovuddraga i italiensk uttale og grammatikk og det grunnleggjande ordtilfanget og dermed skaffa seg grunnlag for vidare studium i italiensk.

Dugleik

Dei studentane som har gjennomført emnet,

- kan kommunisere på italiensk på eit elementært nivå.

Generell kompetanse

Dei studentane som har gjennomført emnet,

- har ei viss innsikt i italienske samfunnstilhøve og kultur som kan kome til nytte både i andre studium og i yrkeslivet.

Fulltid/deltid

Fulltid/deltid

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen. Dette emnet finst også som eit reint nettstudium (ITAL620).
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Det er ein føremon om studentane på førehand har byrja å lære seg enkel italiensk.
Studiepoengsreduksjon
På grunn av fagleg overlapp vert studiepoengutteljinga for ITAL100 redusert med 10 studiepoeng dersom emnet vert kombinert med ITAL620, ITAL001 eller ITAL002.
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved UiB.
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga i emnet har form av førelesingar og seminarverksemd.

Omfanget av undervisninga i emnet vil normalt vere 2 dobbeltimar førelesing (det vil seie 4 undervisningstimar) og 2 timar oppgåveseminar kvar veke i ein periode på til saman 10 veker.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studenten skal levere inn to øvingsoppgåver. Fristane vert kunngjort seinast ved undervisningsstart for emnet, og dei obligatoriske oppgåvene vert vurdert til godkjent/ikkje godkjent. Alle oppgåver må vere godkjent i eitt og same semester for å kunne gå opp til vurdering i emnet.

Godkjenninga av det obligatoriske arbeidskravet er gyldig i det semesteret det er gjennomført og i semesteret etter.

Vurderingsformer

Vurderingsforma i emnet er sett saman av to delar:

  1. Ein munnleg eksamen.
  2. Ein skriftleg skoleeksamen på tre timar.

Den skriftlege vurderingsforma tel 75% og den munnlege 25% av den endelege karakteren. Begge vurderingsdelane må vere greidde i det same semesteret for å kunne få fullført emnet.

Karakterskala
Det blir nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Haust. Det er òg vurdering tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av det obligatoriske arbeidskravet frå semesteret før.
Litteraturliste
Litteraturlista opplyser om dei tekstar som til ei kvar tid gjeld for emnet. Litteraturlista vil vere klar innan 1. juni for haustsemesteret og 1. desember for vårsemesteret
Emneevaluering
Emneevalueringar bli gjennomførde i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen.
Programansvarleg
Programstyret har ansvaret for fagleg innhald og oppbygging av studiet, og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Programstyret for italiensk
Administrativt ansvarleg
Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.