Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Italiensk litteratur

  • Studiepoeng15
  • UndervisingssemesterHaust
  • EmnekodeITAL112
  • Talet på semester1
  • SpråkItaliensk og norsk
  • Ressursar

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Fulltid/deltid

Fulltid/deltid

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet skal gje ei innføring i italienskspråkleg litteratur og litteraturhistorie frå det 19. hundreåret fram til vår tid. Formålet er å utvikle evna hjå studentane til å lese og tolke skjønnlitterære tekstar gjennom øving i litterær analyse og kunnskap om dei aktuelle periodane og forfattarane. I studiet av tekstane blir merksemda retta mot dei litterære og språklege verkemidla og korleis tekstane er knytte til italiensk historie og kultur.

Læringsutbyte

Etter fullført emne:

Kunnskapar

Studentane

  • har kunnskap om pensumtekstane og kjennskap til deira kulturelle kontekst
  • har kunnskap om hovudlinene i italiensk litteraturhistorie frå det 19. hundreåret og fram til vår tid
  • har kunnskap om nokre sentrale litterære teknikkar og deira bruk i dei ulike tekstsjangrane

Dugleik

Studentane

  • kan gjere greie for tematiske og formelle aspekt ved pensumtekstane på italiensk
  • kan plassere pensumtekstane i høve til hovudlinene i italiensk litteraturhistorie
  • kan bruke dei kunnskapane ein har skaffa seg om litterære teknikkar og tema i sjølvstendige analysar og drøftingar av pensumtekstar

Generell kompetanse

Studentane

  • kan vidareutvikle kunnskapane, dugleiken og forståinga si av italienskspråkleg litteratur gjennom vidare studium

Krav til forkunnskapar

Ingen formelle krav; sjå tilrådde førekunnskapar.

Tilrådde forkunnskapar

For å gjennomføre emnet trengst det førekunnskapar i italiensk som svarar til nivå 2 frå vidaregåande skole, eller til nivået frå ITAL001 eller ITAL100.

Studentane bør ta våremna ITAL111 og ITAL113 før haustemna ITAL112 og ITAL114.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved UiB.

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesingar, oppgåvekurs, rettleiing i samband med semesteroppgåva.

Om lag 6 timar undervisning kvar veke i 12 veker.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studentalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart, og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

I løpet av semesteret skal det skrivast tre øvingsoppgåver på inntil 500 ord kvar. Temaet for semesteroppgåve skal byggje vidare på ei av øvingsoppgåvene. Semesteroppgåva er rettleidd, og studentane må delta på eit obligatorisk rettleiingsmøte med faglærar for å ha høve til å levere oppgåva.

Studenten skal også halde eit munnleg innlegg på omlag 10 minutt knytt til pensum. Innlegget vurderast til godkjent/ikkje godkjent.

Innlegget må vere godkjent og rettleiinga gjennomført i same semester for å gå opp til vurdering i emnet.

Obligatoriske arbeidskrav er gyldige berre i undervisningssemesteret.

Vurderingsformer

ITAL112 har todelt eksamen:
1) Semesteroppgåve på om lag 2000 ord skriven på fire veker. Oppgåva skal skrivast på italiensk med obligatorisk rettleiing frå faglæraren parallelt med undervisninga på slutten av semesteret (40 prosent).
2) Munnleg eksamen på italiensk (60 prosent). Begge deleksamenane må vere greidde i same semester.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Ved sensur av emnet nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk. 

Vurderingssemester

Haust

Litteraturliste

I pensumoversynet på internett ligg det opplysningar om kva tekstar som til ei kvar tid er pensum.

Ein lyt òg skaffe seg grundigare kjennskap til forfattarane som er på pensum. Stoff om dei einskilde forfattarane finst i litteraturhistorier, leksika og kommentarbøker til pensumverka. Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvaret for fagleg innhald og oppbygging av studiet, og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

studierettleiar@if.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Semesteroppgåve og munnleg eksamen

    Trekkfrist
    27.09.2019
    • Eksamensdel: Semesteroppgåve

      Innleveringsfrist
      29.11.2019, 13:00
      Eksamenssystem
      Inspera
      Digital eksamen
    • Eksamensdel: Munnleg eksamen