Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Italiensk språk II

  • Studiepoeng15
  • UndervisingssemesterHaust
  • EmnekodeITAL114
  • Talet på semester1
  • SpråkItaliensk og norsk
  • Ressursar

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Fulltid/deltid

Fulltid/deltid

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet har som mål å leggje til rette for at studentane skal få utvida og styrkt kunnskapane sine i italiensk grammatikk og ordforråd og auka dugleik i bruk av språket både munnleg og skriftleg.

Læringsutbyte

Etter fullført emne:

Kunnskapar

Studentane

  • har kunnskap om ulike italienske språkregister og dugleik i bruk av desse

Dugleik

Studentane

  • kan analysere, resymere og vidareformidle italienske tekstar, både munnleg og skriftleg

Krav til forkunnskapar

Ingen formelle krav; sjå tilrådde førekunnskapar.

Tilrådde forkunnskapar

For å gjennomføre emnet trengst det førekunnskapar i italiensk som svarar til nivå 2 frå vidaregåande skole eller til nivået frå ITAL001 eller ITAL100.

Studentane blir oppmoda om å ta våremna ITAL111 og ITAL113 før dei tek til med haustemna ITAL112 og ITAL114.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved UiB

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga i munnleg bruk av italiensk vert organisert som arbeidsseminar. Undervisninga i skriftleg italiensk vert gjeven i førelesingar med tilhøyrande skriftlege øvingar.

Omfanget av undervisninga i emnet er 4 timar per veke i 12 veker, 2 timar i munnleg italiensk og 2 timar i skriftleg bruk av språket.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studentalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart, og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen

Vurderingsformer

Eksamen i emnet er todelt:

- Ein munnleg eksamen basert på ein ukjend tekst av det slaget det har vore arbeidd med i undervisninga. Kandidaten får høve til å gjere seg kjend med teksten før prøva.

- Ein skriftleg skoleeksamen på 4 timar som inneheld ei oppgåve med omsetjing frå italiensk til norsk og ei oppgåve skriven på italiensk av det slaget det elles har vore arbeidd med i undervisninga.

Dei to eksamenane er sjølvstendige delar av eksamen i emnet, og tel 50 prosent kvar av den samla karakteren i emnet. Begge eksamensdelane må vere greidde i same semester.

Skoleeksamen kan bli digital.

Hjelpemiddel til eksamen

Studentane har høve til å nytte si eiga italiensk-italienske ordbok under eksamen. Ordboka skal vere fri for tilføyingar.

Karakterskala

Ved sensur av emnet nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Haust. Der er òg vurdering tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

Pensum vert spesifisert i det pensumoversynet som gjeld til ei kvar tid. Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvaret for fagleg innhald og oppbygging av studiet, og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

studierettleiar@if.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skoleeksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen. Eksamenslokale publiseres 14 dager før eksamen. Kandidatene finner sin egen romplassering på Studentweb 3 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skriftleg skoleeksamen og munnleg eksamen

    Trekkfrist
    09.09.2019
    • Eksamensdel: Skriftleg skoleeksamen (omsetjing)

      Eksamenssystem
      Inspera
      Digital eksamen
    • Eksamensdel: Munnleg eksamen