Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Munnleg italiensk med fonetikk

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

 Vår

Emnet går første gong våren 2019

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

 Emnet har som mål å fremje evna hjå studentane til å uttrykkje seg munnleg på italiensk. Det skal òg gje ei innføring i italiensk fonetikk.

Emnet baserer seg i stor grad på munnleg aktivitet med utgangspunkt i tekstar som tek opp sider ved det italienske samfunnet. Det blir òg nytta filmar som utgangspunkt for samtalar på italiensk.

Læringsutbyte

 Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, dugleik og generell kompetanse:

Kunnskap

Dei studentane som har gjennomført emnet,

¿ har oversyn over prinsippa for italiensk uttale

¿ Dei kjenner dei grunnleggjande prinsippa som gjeld for munnleg kommunikasjon på italiensk

¿ Dei har òg kjennskap til hovuddrag i det italienske samfunnet.

Dugleik

Dei studentane som har gjennomført emnet,

¿ kan gjere greie for italiensk uttale

¿ Dei kan òg bruke italiensk for å kommunisere munnleg på eit visst nivå.

Generell kompetanse

Dei studentane som har gjennomført emnet,

¿ kan gjennomføre eit prosjekt som strekkjer seg over tid

¿ kan arbeide sjølvstendig med ei problemstilling knytt til fagstoff

¿ kan vidareutvikle kunnskapane sine og eigen dugleik og forståing med tanke på vidare studium og yrkesliv.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Italienskkunnskapar på nivå med dei som emnet ITAL100 gjev.

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer

 Undervisninga i emnet har form av seminarverksemd.

Omfanget av undervisninga i emnet vil normalt vere 2 timar seminar kvar veke i ein periode på til saman 10 veker. I tillegg kjem filmframsyning.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

 Det er obligatorisk oppmøte til minst 80 prosent av undervisninga. Oppmøtet blir kontrollert.   

Godkjenninga av det obligatoriske arbeidskravet er berre gyldig i det semesteret det er gjennomført og i semesteret etter.

Vurderingsformer

 Vurderingsforma er ein munnleg eksamen på omlag 20 minutt.

Den munnlege prøva tek utgangspunkt i ein ukjend tekst av det slaget har det har vore arbeidd med i undervisninga.

Kandidatane får om lag 15 minutt til rådvelde for å studere teksten på førehand.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Det blir nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Vår. Det er òg vurdering tidleg i haustsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav frå semesteret før.

Litteraturliste

 Litteraturlista opplyser om dei tekstar som til ei kvar tid gjeld for emnet. Litteraturlista vil vere klar på ¿Mitt UiB¿ innan 1. juni for haustsemesteret og 1. desember for vårsemesteret.

Emneevaluering

Undervisningsopplegget blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvaret for fagleg innhald og oppbygging av studiet, og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Programstyret for italiensk

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar: studierettleiar@if.uib.no
Eksamensadministrasjon: eksamen@if.uib.no

Eksamensinformasjon