Italiensk språk 2

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet utgjer andre del av den systematiske innføringa i italiensk grammatikk.

Dei øvingane som inngår i emnet, har som mål å fremje evna hjå studentane til å sameine kunnskapar i grammatikk og leksikalske kunnskapar i arbeidet med å utforme eigne tekstar på italiensk.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, dugleik og generell kompetanse:

Kunnskap

Dei studentane som har gjennomført emnet,

  • har tileigna seg hovuddraga i moderne italiensk grammatikk.

Dugleik

Dei studentane som har gjennomført emnet,

  • kan forstå og gjere for dei sentrale problema i italiensk grammatikk
  • kan òg integrere den grammatiske kunnskapen i eigen språkleg praksis.

Generell kompetanse

Dei studentane som har gjennomført emnet,

  • kan gjennomføre eit prosjekt som strekkjer seg over tid
  • kan arbeide sjølvstendig med ei problemstilling knytt til fagstoff
  • kan vidareutvikle kunnskapane sine i ein studiekontekst eller i yrkeslivet
  • har videreutvikla sin dugleik i å uttrykkje seg på italiensk

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Emnet byggjer vidare på innhaldet i emnet ITAL121, og kunnskapar i italiensk grammatikk tilsvarande eit slikt nivå er ein føresetnad for å kunne arbeide med dette emnet.
Studiepoengsreduksjon
På grunn av fagleg overlapp blir studiepoengutteljinga for ITAL124 redusert med 10 studiepoeng dersom emnet blir kombinert med ITAL624, ITAL114 eller ITAL104.
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga i emnet har form av førelesningar og seminarverksemd.

Omfanget av undervisninga i emnet vil normalt vere ein dobbeltime førelesing (altså 2 undervisningstimar) og 2 timar oppgåveseminar kvar veke i ein periode på til saman 10 veker.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studentane skal levere ei skriftleg utgreiing på italiensk om eit grammatisk problem i løpet av semesteret. Denne oppgåva blir vurdert som godkjend/ikkje godkjend.

Godkjenninga av dei obligatoriske arbeidskrava er berre gyldige i det semesteret dei er gjennomførde og i semesteret etter.

Vurderingsformer

Vurderingsforma i emnet er ein munnleg eksamen på omlag 30 minutt. Både italiensk og norsk kan nyttast på denne prøva.

I den munnlege prøva, som til vanleg tar utgangspunkt i ein tekst, skal studentane syne at dei har oversikt over dei sentrale problema i italiensk grammatikk og at dei kan greie ut om dei i munnleg form.

Karakterskala
Det blir nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Haust. Det er òg vurdering tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav frå semesteret før.
Litteraturliste
Litteraturlista opplyser om dei tekstar som til ei kvar tid gjeld for emnet. Litteraturlista vil vere klar på ¿Mitt UiB¿ innan 1. juni for haustsemesteret og 1. desember for vårsemesteret.
Emneevaluering
Undervisningsopplegget blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Programstyret for italiensk
Administrativt ansvarleg
Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.