Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Moderne italiensk kortprosa

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeITAL125
  • Talet på semester1
  • SpråkItaliensk og norsk
  • Ressursar

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

 Vår

Emnet går første gong våren 2019

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

 Emnet har som mål å byggje ut språkkunnskapane hjå studentane. Eit anna mål er å gje ei innføring i skjønnlitterære tekstar frå det 20. hundreåret.


Emnet er basert på studium av eit utval kortprosatekstar frå moderne italiensk litteratur. Tekstane skal studerast i eit språkleg og kulturhistorisk perspektiv.

Læringsutbyte

 Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, dugleik og generell kompetanse:

Kunnskap

Dei studentane som har gjennomført emnet,

¿ har språkleg og tematisk innsikt i dei utvalde tekstane

¿ har noko kunnskap om den kulturhistoriske konteksten til tekstane.

Dugleik

Dei studentane som har gjennomført emnet,

¿ kan drøfte språklege element i moderne italiensk kortprosa

¿ kan analysere pensumtekstane tematisk og i kulturhistorisk perspektiv

¿ kan formidle og drøfte kunnskapar innanfor fagområdet på munnleg og skriftleg italiensk.

Generell kompetanse

Dei studentane som har gjennomført emnet,

¿ kan gjennomføre eit prosjekt som strekkjer seg over tid

¿ kan arbeide sjølvstendig med ei problemstilling knytt til fagstoff

¿ kan vidareutvikle kunnskapane sine og har evna til å gjere bruk av dei i ein større samanheng.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Italienskkunnskapar minst på nivå med dei som emnet ITAL100 gjev.

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer

Omfanget av undervisninga i emnet vil normalt vere 2 dobbeltimar seminar (altså 4 undervisningstimar) kvar veke i ein periode på til saman 10 veker.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

 Det er obligatorisk oppmøte til minst 80 prosent av undervisninga. Oppmøtet blir kontrollert.   

Godkjenninga av det obligatoriske arbeidskravet er berre gyldig i det semesteret det blir gjennomført og i semesteret etter.

Vurderingsformer

Vurderingsforma i emnet er ein heimeeksamen utan rettleiing skriven på italiensk mot slutten av semesteret med ei vekes innleveringsfrist.

Hjelpemiddel til eksamen

Ikkje aktuelt.

Karakterskala

Ved sensur av emnet nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Vår. Det er òg vurdering tidleg i hausemesteret for studentar med gyldig godkjenning av det obligatoriske arbeidskravet frå semesteret før.

Litteraturliste

Litteraturlista opplyser om dei tekstar som til ei kvar tid gjeld for emnet. Litteraturlista vil vere klar på ¿Mitt UiB¿ innan 1. juni for haustsemesteret og 1. desember for vårsemesteret.

Emneevaluering

Undervisningsopplegget blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvaret for fagleg innhald og oppbygging av studiet, og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Programstyret for italiensk

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar: studierettleiar@if.uib.no
Eksamensadministrasjon: eksamen@if.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Heimeeksamen

    Oppgave utleveres
    30.09.2019, 09:00
    Innleveringsfrist
    07.10.2019, 13:00
    Trekkfrist
    16.09.2019
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen