Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Italiensk språk og lingvistikk

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

 Vår

Emnet går første gong våren 2019

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

 Emnet har som mål å fremje ei djupare forståing av det italienske språksystemet og av språkleg variasjon i Italia.

Emnet omfattar studium av sentrale grammatiske problem og gjev ei innføring i problem knytte til grenseflata mellom standardspråket og variantar som ligg i utkanten av standardspråket. Teoretiske og metodiske aspekt ved språkskildringa inngår i den litteraturen som ligg til grunn for emnet.

Læringsutbyte

 Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, dugleik og generell kompetanse:

Kunnskap

Dei studentane som har gjennomført emnet,

¿ kjenner godt språksystemet i standarditaliensk

¿ har kunnskap om teori og metodar som ligg til grunn for språkskildringa

¿ har kunnskap om sentrale problem i italiensk variasjonslingvistikk.

Dugleik

Dei studentane som har gjennomført emnet,

¿ kan bruke dei tileigna omgrepa i sjølvstendige analysar av italiensk tekst og tale

¿ kan drøfte, skriftleg og munnleg, problemstillingar knytte til pensum

¿ kan formidle kunnskapar innanfor eige fagområde på munnleg og skriftleg italiensk.

Generell kompetanse

Dei studentane som har gjennomført emnet,

¿ kan planleggje og gjennomføre arbeidsoppgåver som strekkjer seg over ei viss tid

¿ kan formidle sentralt fagstoff både skriftleg og munnleg

¿ kan arbeide sjølvstendig med ei problemstilling som krev teoretisk innsikt

¿ kan kommunisere på italiensk på eit relativt høgt nivå.

Krav til forkunnskapar

Ingen formelle krav, men undervisninga skjer på italiensk.

Tilrådde forkunnskapar

100-nivå i italiensk eller tilsvarande.

Studiepoengsreduksjon

På grunn av fagleg overlapp blir studiepoengutteljinga for ITAL203 redusert med 10 studiepoeng dersom emnet blir kombinert med ITAL201.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer

Omfanget av undervisninga i emnet vil normalt vere ein dobbeltime førelesing og ein dobbeltime seminar i veka (til saman 4 undervisningstimar) i ein periode på 10 veker.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

I løpet av semesteret skal studenten halde eit munnleg innlegg knytt til pensum på omlag 15 minutt. Innlegget blir vurdert til godkjent/ikkje godkjent.

Godkjenninga av det obligatoriske arbeidskravet er berre gyldig i det semesteret det blir gjennomført og i semesteret etter.

Vurderingsformer

Eksamen er ei skriftleg prøve på 4 timar med eitt eller fleire spørsmål frå pensum. Prøva skal skrivast på italiensk.

Hjelpemiddel til eksamen

Italiensk-italiensk ordbok, som studentane sjølve lyt ha med seg til eksamen.

Karakterskala

Ved sensur av emnet nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Vår. Det er òg vurdering tidleg i hausemesteret for studentar med gyldig godkjenning av det obligatoriske arbeidskravet frå semesteret før.

Litteraturliste

Litteraturlista opplyser om dei tekstar som til ei kvar tid gjeld for emnet. Litteraturlista vil vere klar på ¿Mitt UiB¿ innan 1. juni for haustsemesteret og 1. desember for vårsemesteret.

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvaret for fagleg innhald og oppbygging av studiet, og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Programstyret for italiensk

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar: studierettleiar@if.uib.no
Eksamensadministrasjon: eksamen@if.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skoleeksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen. Eksamenslokale publiseres 14 dager før eksamen. Kandidatene finner sin egen romplassering på Studentweb 3 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skriftleg skoleeksamen

    Dato
    10.05.2019, 09:00
    Varigheit
    4 timer
    Trekkfrist
    26.04.2019
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen
    Sted