Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Italiensk språk og lingvistikk

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

 Bachelor

Undervisningssemester

 Vår

Undervisningsstad

 Bergen

Mål og innhald

 Emnet har som mål å fremje ei djupare forståing av det italienske språksystemet og av språkleg variasjon i Italia.

Emnet omfattar studium av sentrale grammatiske problem og gjev ei innføring i problem knytte til grenseflata mellom standardspråket og variantar som ligg i utkanten av standardspråket. Teoretiske og metodiske aspekt ved språkskildringa inngår i den litteraturen som ligg til grunn for emnet.

Læringsutbyte

 Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, dugleik og generell kompetanse:

Kunnskap

Dei studentane som har gjennomført emnet,

¿ kjenner godt språksystemet i standarditaliensk

¿ har kunnskap om teori og metodar som ligg til grunn for språkskildringa

¿ har kunnskap om sentrale problem i italiensk variasjonslingvistikk.

Dugleik

Dei studentane som har gjennomført emnet,

¿ kan bruke dei tileigna omgrepa i sjølvstendige analysar av italiensk tekst og tale

¿ kan drøfte, skriftleg og munnleg, problemstillingar knytte til pensum

¿ kan formidle kunnskapar innanfor eige fagområde på munnleg og skriftleg italiensk.

Generell kompetanse

Dei studentane som har gjennomført emnet,

¿ kan planleggje og gjennomføre arbeidsoppgåver som strekkjer seg over ei viss tid

¿ kan formidle sentralt fagstoff både skriftleg og munnleg

¿ kan arbeide sjølvstendig med ei problemstilling som krev teoretisk innsikt

¿ kan kommunisere på italiensk på eit relativt høgt nivå.

Krav til forkunnskapar

 Ingen formelle krav, men undervisninga skjer på italiensk.

Tilrådde forkunnskapar

 100-nivå i italiensk eller tilsvarande.

Studiepoengsreduksjon

På grunn av fagleg overlapp blir studiepoengutteljinga for ITAL203 redusert med 10 studiepoeng dersom emnet blir kombinert med ITAL201.

Krav til studierett

 Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer

 Omfanget av undervisninga i emnet vil normalt vere ein dobbeltime førelesing og ein dobbeltime seminar i veka (til saman 4 undervisningstimar) i ein periode på 10 veker.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

I løpet av semesteret skal studenten halde eit munnleg innlegg knytt til pensum på omlag 15 minutt. Innlegget blir vurdert til godkjent/ikkje godkjent.

Våren 2021 blir den munnlege presentasjonen gjennomført på campus som normalt. Studentar som er i ei risikogruppe, eller av andre koronarelaterte grunnar ikkje kan møte på campus, kan kontakte emneansvarleg.

Godkjenninga av det obligatoriske arbeidskravet er berre gyldig i det semesteret det blir gjennomført og i semesteret etter.

Vurderingsformer

Våren 2021 er vurderingsforma endra frå skriftleg skoleeksamen i sal til fire timars skriftleg eksamen heimefrå + éin time teknisk tid, som tiltak mot spreiing av koronavirus.

Prøva skal skrivast på italiensk.

Hjelpemiddel til eksamen

Våren 2021 er alle hjelpemiddel tillatne ved eksamen.

Karakterskala

 Ved sensur av emnet nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Vår. Det er òg vurdering tidleg i hausemesteret for studentar med gyldig godkjenning av det obligatoriske arbeidskravet frå semesteret før.

Litteraturliste

Litteraturlista opplyser om dei tekstar som til ei kvar tid gjeld for emnet. Litteraturlista vil vere klar innan 1. juni for haustsemesteret og 1. desember for vårsemesteret.

Emneevaluering

 Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvaret for fagleg innhald og oppbygging av studiet, og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Programstyret for italiensk

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Studierettleiar: studierettleiar@if.uib.no
Eksamensadministrasjon: eksamen@if.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skriftlig eksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skriftleg skoleeksamen

    Dato
    30.09.2021, 09:00
    Varigheit
    5 timer
    Trekkfrist
    16.09.2021
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen