Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Eldre italiensk litteratur

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor 

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet ITAL250 har som mål å leggje til rette for ei inngåande forståing av eldre italiensk litteratur.

Emnet omfattar studium av sentrale tekstar frå den eldre italiensk litteraturen. Tekstane skal studerast i eit litteraturhistorisk og teoretisk perspektiv.

Læringsutbyte

 Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, dugleik og generell kompetanse:

Kunnskap

Dei studentane som har gjennomført emnet,

¿ kjenner godt dei utvalde pensumverka

¿ har kunnskap om den kulturhistoriske konteksten til verka

¿ har kunnskap om sentrale litteraturteoretiske omgrep.

Dugleik

Dei studentane som har gjennomført emnet,

¿ kan bruke dei tileigna omgrepa i sjølvstendige analysar av pensumtekstar

¿ kan gjere greie for tekstane tematisk og plassere dei i kulturhistorisk perspektiv

¿ kan drøfte, skriftleg og munnleg, problemstillingar knytte til pensum

¿ kan formidle kunnskapar innanfor eige fagområde på munnleg og skriftleg italiensk.

Generell kompetanse

Dei studentane som har gjennomført emnet,

¿ kan planleggje og gjennomføre arbeidsoppgåver som strekkjer seg over ei viss tid

¿ kan formidle sentralt fagstoff både skriftleg og munnleg

¿ kan vidareutvikle kunnskapane sine med tanke på vidare studium og yrkesliv

¿ kan kommunisere på italiensk på eit relativt høgt nivå.

Krav til forkunnskapar

Ingen formelle krav, men undervisninga skjer på italiensk. 

Tilrådde forkunnskapar

100-nivå i italiensk eller tilsvarande. 

Studiepoengsreduksjon

På grunn av fagleg overlapp blir studiepoengutteljinga for ITAL250 redusert med 10 studiepoeng dersom emnet blir kombinert med ITAL252.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Omfanget av undervisninga i emnet vil normalt vere ein dobbeltime førelesing og ein dobbeltime seminar i veka (til saman 4 undervisningstimar) i ein periode på 10 veker. 

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Semesteroppgåva, som utgjer ein del av eksamen i ITAL250, er rettleidd, og studentane må delta på to obligatoriske rettleiingsmøte for å ha høve til å levere oppgåva.

I løpet av semesteret skal studenten òg halda eit munnleg innlegg på omlag 15 minutt knytt til pensum. Innlegget blir vurdert til godkjent/ikkje godkjent.

Godkjenninga av dei obligatoriske arbeidskrava er berre gyldig i det semesteret det blir gjennomførde og i semesteret etter.

Vurderingsformer

Eksamen er todelt:

1. Ei rettleidd semesteroppgåve på mellom 4000 og 5000 ord skriven på italiensk. Oppgåva skal leverast inn innan 15. mai (eller på første verkedag etter denne datoen)

2. Ei munnleg prøve på italiensk der problemkrinsen for samtalen kan hentast frå heile pensumet i emnet.

Semesteroppgåva tel 50 prosent og den munnlege eksamen tel 50 prosent av den samla karakteren i emnet.

Kandidatar som får karakteren F på semesteroppgåva, får ikkje gå opp til munnleg eksamen. Begge eksamensdelane må vera greidde i same semester.

Ved eksamen i påfølgjande semester leverer studenten, som må ha oppfylt krava om rettleiing i undervisningssemesteret, den omarbeidde semesteroppgåva utan vidare rettleiing.

Oppgåva fyller kravet til det sjølvstendige arbeidet som bachelorgraden skal innehalda.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Ved sensur av emnet nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk. 

Vurderingssemester

Vår/haust

Litteraturliste

Litteraturlista opplyser om dei tekstar som til ei kvar tid gjeld for emnet. Litteraturlista vil vere klar på ¿Mitt UiB¿ innan 1. juni for haustsemesteret og 1. desember for vårsemesteret.

Ein lyt òg skaffe seg grundigare kjennskap til forfattarane som er på pensum. Stoff om dei einskilde forfattarane finst i litteraturhistorier, oppslagsverk og kommentarbøker til pensumverka.

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvaret for fagleg innhald og oppbygging av studiet, og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Programstyret for italiensk

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Institutt

Institutt for framandspråk

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar: studierettleiar@if.uib.no

Eksamensadministrasjon: eksamen@if.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Semesteroppgåve og munnleg eksamen

    Trekkfrist
    08.05.2019
    • Eksamensdel: Semesteroppgåve

      Innleveringsfrist
      15.05.2019, 13:00
      Eksamenssystem
      Inspera
      Digital eksamen
    • Eksamensdel: Munnleg eksamen

      Dato
      22.05.2019, 10:00
      Varigheit
      2 timer