Italiensk tekststudium og litteraturteori

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet skal gje inngåande kunnskapar om italiensk litteratur og øve opp ei kritisk og sjølvstendig forståing av problemstillingar som er knytte til studiet av litteratur.

Emnet inneheld to komponentar, ein teoretisk og metodisk del og ein skjønnlitterær del. Emnet byggjer på studiet av nokre sentrale teoriar og metodar som har relevans for italiensk litteraturvitskap. I tillegg gjev det ein breiare kjennskap til italiensk litteratur gjennom fordjuping i utvalde litterære verk. På denne måten skal emnet gje masterkandidatane eit betre grunnlag for å velje emne og teoretisk ramme for masteroppgåva.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap Dei studentane som har gjennomført emnet,

  • har god innsikt i einskilde skjønnlitterære verk, emne eller sjangrar
  • kjenner godt den kulturhistoriske samanhengen pensumtekstane står i
  • kjenner godt til nokre grunnleggjande teoriar innanfor moderne litteraturvitskap
  • kjenner til og kan anvende metodar som er relevante for litteraturvitskaplege problemstillingar.

Ferdigheiter Dei studentane som har gjennomført emnet,

  • kan samanlikne og drøfte forholdet mellom dei ulike litterære og teoretiske tekstane på pensum
  • kan arbeide sjølvstendig med problemløysing på grunnlag av faglege kunnskapar
  • kan bruke dei teoretiske reiskapane ein har skaffa seg på sjølvstendig måte i tekstanalyse og drøfte relevansen dei teoriar og metodar ein har skaffa seg innsikt i, har i høve til ei konkret problemstilling

Generell kompetanse Dei studentane som har gjennomført emnet,

  • kan gjennomføre eit teoritisk og fagleg krevjande prosjekt med fleire dimensjonar
  • kan arbeide sjølvstendig med analytiske problemstillingar knytte til fagstoff
  • kan kommunisere på italiensk på eit høgt nivå.

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen og nett
Krav til forkunnskapar
Bachelorgrad med spesialisering i italiensk eller tilsvarande.
Tilrådde forkunnskapar
Italienskkunnskapar minst på nivå med dei bachelorgrad med spesialisering i italiensk gjev.
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar med opptak til masterprogrammet i italiensk
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga i emnet har form av studentaktive førelesingar og seminarverksemd.

Omfanget av undervisninga i emnet vil normalt vere ein dobbeltime førelesing (det vil seia 2 undervisningstimar) og 2 timar oppgåveseminar kvar veke i ein periode på til saman 10 veker. Undervisninga vil føregå både på campus og digitale plattformer (hybrid).

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

I løpet av semesteret skal kvar student førebu og halde eit seminarinnlegg på omlag 10-15 minutt om eit oppgjeve tema. Temaet for det munnlege innlegget og semesteroppgåva kan ikkje vere det same.

Semesteroppgåva som utgjer ein del av vurderingsgrunnlaget i emnet, er rettleidd, og studentane må delta på eit obligatorisk rettleiingsmøte med faglærar for å ha høve til å levere oppgåva.

Godkjenninga av dei obligatoriske arbeidskrava er berre gyldig i det semesteret desse blir gjennomførde.

Vurderingsformer

Eksamen er todelt:

  1. Ei rettleidd semesteroppgåve på om lag 4000 ord skriven på italiensk. Kandidaten vel sjølv problemstilling, men den skal vere knytt til det temaområdet det vert undervist i. Oppgåva skal leverast inn innan 1. desember (eller på første verkedag etter denne datoen).
  2. Ein munnleg eksamen der problemkrinsen for samtalen kan hentast frå heile pensumet i emnet. Kandidaten kan sjølv velje mellom å gjennomføre eksamen på campus eller digitalt.

Semesteroppgåva og den munnlege eksamen tel kvar 50 prosent av den samla karakteren i emnet.

Kandidatar som får karakteren F på semesteroppgåva, får ikkje gå opp til munnleg eksamen. Kandidatar som får F på den munnlege eksamen, får F som samla karakter for emnet. Begge eksamensdelane må vere greidde i same semester.

Karakterskala
Det blir nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Haust.
Litteraturliste
I pensumoversynet på internett ligg det opplysningar om kva som er pensum til ei kvar tid. Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret.
Emneevaluering
Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Programstyret for italiensk
Administrativt ansvarleg
Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.