Hjem
Utdanning
Masteremne

Italiensk teoriemne

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet skal utgjere det teoretiske grunnlaget for det sjølvstendige arbeidet med masteroppgåva, og målet med emnet er å leggje til rette for det konkrete arbeidet med ei spesiell problemstilling.

Innhaldet i emnet skal utformast i samråd med rettleiar. Det kan vere av lingvistisk eller litteraturteoretisk art eller reflektere ei tverrfagleg tilnærming til det problemet som masteroppgåva skal utforske og som dette emnet skal danne basis for.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Dei studentane som har gjennomført emnet,

¿ har god kjennskap til relevant forsking innan det feltet som ein har konsentrert seg om

¿ har god innsikt i metodiske problemstillingar knytte til det teorigrunnlaget som skal nyttast i arbeidet med i masteroppgåva.

Ferdigheiter

Dei studentane som har gjennomført emnet,

¿ kan bruke den tileigna kunnskapen i sjølvstendige analysar av problem innan spesialfeltet

¿ kan formidle kunnskapar innanfor eige fagområde på italiensk

¿ er i stand til å gje sjølvstendig undervisning og drive utviklingsarbeid på feltet.

Generell kompetanse

Dei studentane som har gjennomført emnet,

¿ kan planleggje og gjennomføre arbeidsoppgåver som strekkjer seg over tid

¿ kan starte opp og gjennomføre eit teoritisk krevjande prosjekt

¿ kan arbeide sjølvstendig med analytiske problemstillingar knytte til fagstoff

¿ kan kommunisere på italiensk på eit høgt nivå.

Krav til forkunnskapar

Bachelorgrad med spesialisering i italiensk.

Tilrådde forkunnskapar

Italienskkunnskapar minst på nivå med dei bachelorgrad med spesialisering i italiensk gjev.

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med opptak til masterprogrammet i italiensk.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga i emnet blir gjeven som individuell rettleiing i eit omfang på om lag 10 timar i semesteret for kvar student.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

For å kunne gå opp til eksamen i ITAL304 må det leverast pensumliste til instituttet seinast ein månad etter den datoen som er frist for å melde seg opp til eksamen.

Godkjenninga av det obligatoriske arbeidskravet er berre gyldig i det semesteret det blir gjennomført og i semesteret etter.

Vurderingsformer

Vurderingsforma i ITAL304 er ein munnleg eksamen på om lag 30 minutt, der kandidaten blir beden om å greie ut om eit eller fleire problem frå teoripensumet.

Kandidaten får ei veke til å førebu innlegget sitt, og eksamenspanelet (faglærar og sensor) har høve til å kome med spørsmål i ein påfølgjande diskusjon.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Det blir nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Vår. Det er òg vurdering tidleg i hausemesteret for studentar med gyldig godkjenning av det obligatoriske arbeidskravet frå semesteret før.

Litteraturliste

Det teoretiske pensumet skal fastsetjast i samråd med rettleiar.

Emneevaluering

Undervisningsopplegget blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Programstyret for italiensk

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar: studierettleiar@if.uib.no
Eksamensadministrasjon: eksamen@if.uib.no

Eksamensinformasjon