Italiensk særemne

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

ITAL306 er eit masteroppgåveførebuande emne og har som mål at studentane får utdjupa innsikt i eit særemne innanfor italiensk språk-, litteratur- eller kulturvitskap. Emnet har derfor klår fagleg relevans for italienskstudiet og dannar grunnlaget for studenten si spesialisering i ein disiplin.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, dugleik og generell kompetanse:

Kunnskap

  • Studentane har utdjupa innsikt innanfor eit særemne i italiensk språk-, litteratur- eller kulturvitskap.

Ferdigheiter

  • Studentane har opparbeidd seg god kjeldekritisk sans i omgang med forskingslitteratur.
  • Studentane har trena seg i formidling av vitskaplege problemstillingar.

Generell kompetanse

  • Studentane er i stand til å arbeide på sjølvstendig vis med forskingslitteratur, kjeldekritikk og vitskaplege problemstillingar.
  • Studentane kan gjennomføre eit prosjekt som strekkjer seg over tid.
  • Studetentane kan vidareutvikle kunnskapane sine og har evna til å gjere bruk av dei i ein større samanheng.

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen og digitalt
Krav til forkunnskapar
Ingen formell krav.
Tilrådde forkunnskapar
Italienskkunnskapar minst på nivå med dei ein bachelorgrad med spesialisering i italiensk gjev. For fagleg forkunnskap: ITAL301 og ITAL302 eller tilsvarande emne.
Studiepoengsreduksjon
Ikkje aktuelt.
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar med opptak til masterprogrammet i italiensk ved UiB.
Arbeids- og undervisningsformer

Kurset blir vanlegvis gitt som eit lesekurs med tre rettleiingsmøte i semesteret. Under rettleiing skal studenten utarbeide ei pensumliste tilpassa emnet. Dersom det er relevant, kan også film inngå i pensum.

Det vert også halde jamlege oppgåveseminar for masterstudentane der studentane kan leggje fram prosjektskisser av masteroppgåva eller delar av det tilpassa pensumet.

Emnet er også ope for studentar som ikkje følgjer stadbunden campusundervisning. Rettleiing, presentasjonar o.a. vil derfor kunne finne stad på digitale plattformer ved behov.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studentane må halde ein obligatorisk munnleg presentasjon på campus eller digitalt på om lag 20 minutt i løpet av semesteret. Emnet for presentasjonen blir fastsett i samråd med rettleiar og framføringa blir lagt til eit av oppgåveseminara for masterstudentane. Presentasjonen vert vurdert godkjent/ikkje godkjent.

Godkjenninga av det obligatoriske arbeidskravet er gyldig i undervisningssemesteret og semesteret etter.

Vurderingsformer
Vurderingsforma i emnet er ein heimeeksamen utan rettleiing skriven på italiensk mot slutten av semesteret med ei vekes innleveringsfrist. Omfanget på oppgåva bør liggje på mellom 3000 og 4000 ord.
Karakterskala
Det blir nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Vår. Det er òg vurdering tidleg i haustsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av det obligatoriske arbeidskravet frå semesteret før.
Litteraturliste
Pensumet, på om lag 1500-2000, skal fastsetjast i samråd med rettleiar.
Emneevaluering
Undervisningsopplegget blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Alle hjelpemiddel er tillatne, men eksamensarbeidet skal utførast individuelt av den einskilde student.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Programstyret for italiensk
Administrativt ansvarleg
Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.