Hjem
Utdanning
Masteremne

Italiensk mastergradsoppgåve

Studiepoeng, omfang

60

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust og vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Masteroppgåva er ei prøve i vitskapeleg arbeid innan italiensk lingvistikk eller litteraturvitskap. Ho skal dokumentere evna hjå studenten til å arbeide sjølvstendig, langsiktig og systematisk med ei avgrensa problemstilling innanfor presise faglege rammer.

Masterstudenten får oppnemnt ein rettleiar på grunnlag av innlevert prosjektskisse. Alle masterstudentar har rett til individuell rettleiing på grunnlag av rettleiingskontrakt.

Oppgåva skal skrivast på italiensk og vil normalt vere på mellom 70 og 100 sider. Ein vel emne for masteroppgåva i samråd med faglærarane ein gong i det andre semesteret.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Dei studentane som har gjennomført emnet,

¿ har brei generell kunnskap innan faget og djuptgåande kunnskap innanfor eit avgrensa felt

¿ har høg grad av innsikt i sentrale problem og metodar på det feltet der dei har valt å spesialisere seg.

Ferdigheiter

Dei studentane som har gjennomført emnet,

¿ kan arbeide langsiktig med problemløysing på eit felt

¿ kan setje seg inn i og kritisk vurdere teoriar, metodar og tolkingar

¿ kan gjennomføre eit forskingsprosjekt under rettleiing og i tråd med gjeldande forskingsetiske normer

¿ meistrar IKT-verktøy slik det er naudsynt for å gjennomføre eit sjølvstendig arbeid på forskingsfeltet

¿ meistrar normene for akademisk skriving

¿ kan formidle på italiensk faglege problemstillingar knytte til det fagområdet dei har arbeidd på

¿ kan delta i den offentlige debatten som gjeld eige fagområde.

Generell kompetanse

Dei studentane som har gjennomført emnet,

¿ kan planleggje og gjennomføre arbeidsoppgåver som strekkjer seg over tid

¿ kan gjennomføre eit teoritisk krevjande prosjekt

¿ kan arbeide sjølvstendig med analytiske problemstillingar

¿ kan ta ansvar for eigen vidare kompetanseutvikling og spesialisering

¿ kan kommunisere på italiensk på eit høgt nivå.

Krav til forkunnskapar

Bachelorgrad med spesialisering i italiensk.

Tilrådde forkunnskapar

ITAL301, ITAL302, ITAL304 og fellesemnet på masternivå.

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med opptak til masterprogrammet i italiensk.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga i emnet blir gjeven som individuell rettleiing i eit omfang for kvar student på til saman om lag 30 timar fordelte på to semester.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Masterstudentane må inngå rettleiingskontrakt med rettleiaren sin.

Vurderingsformer

Masteroppgåve på 70-100 sider skriven på italiensk.

Emnet har òg ei munnleg prøve på omlag 30 minutt knytt til oppgåva. Denne prøva kan justere karakteren på masteroppgåva opp eller ned med ein bokstavkarakter.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Det blir nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Vår/haust.

Litteraturliste

Ikkje aktuelt.

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Programstyret for italiensk

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar: studierettleiar@if.uib.no
Eksamensadministrasjon: eksamen@if.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Masteroppgåve og justerande munnleg eksamen

    • Eksamensdel: Masteroppgåve

    • Eksamensdel: Justerande munnleg eksamen