Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Italiensk språk 1 (nettbasert)

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår. Emnet vert gjennomført første gong våren 2022. 

Undervisningsstad

Nettbasert. Dette emnet finst òg som vanleg campusstudium (ITAL121) i Bergen. 

Mål og innhald

Emnet har som mål å gje ei første systematisk innføring i italiensk grammatikk.

Øvingane som inngår i emnet, har som mål å integrere grammatikken i studiet av enklare tekstar for å øve opp evna hjå studentane til å forstå italiensk og sjølve kunne uttrykkje seg. 

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, dugleik og generell kompetanse:

Kunnskap Dei studentane som har gjennomført emnet,

  • har kunnskap om hovuddraga i einskilde sider av italiensk grammatikk.

Ferdigheiter

Dei studentane som har gjennomført emnet,

  • kan forstå og gjere greie for utvalde grammatiske problemstillingar
  • kan bruke desse kunnskapane i sitt vidare studium av italiensk.

Generell kompetanse

Dei studentane som har gjennomført emnet,

  • kan gjennomføre eit prosjekt som strekkjer seg over tid
  • kan arbeide sjølvstendig med ei problemstilling knytt til fagstoff.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Italienskkunnskapar minst på nivå med dei som emnet ITAL620 eller ITAL100 gjev. 

Studiepoengsreduksjon

På grunn av fagleg overlapp vert studiepoengutteljinga for ITAL621 redusert med 10 studiepoeng dersom emnet vert kombinert med ITAL121, ITAL111 eller ITAL101.

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar som har fått opptak gjennom UiB Videre

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga skjer i form av videoforelesingar og seminararbeid på digitale plattformer som UiB nytter seg av. 

Studentane vil få tilgang til ei digital førebuingspakke (med videoforelesingar, skriftleg materiale, oppgåver o.l) gjennom læringsplattformen MittUiB.

Omfanget av seminarundervisninga i emnet vil normalt vere ein dobbeltime kvar veke i ein periode på til saman 10 veker. Seminarundervisninga består hovudsakleg av oppfølging av videoundervisninga og oppgåveløysing, og aktiv deltaking frå studentane er ein føresetnad.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk oppmøte til minst 80 prosent av den digitale seminarundervisninga. I tillegg må studentane levere innan fastsette fristar tre obligatoriske oppgåver knytt til dei tema det vert gjeven undervisning i. Dei obligatoriske oppgåvene kan ha ulike format (skriftleg tekst, videoframsyning, gruppearbeid o.l.), og fristane for innlevering vert kunngjort seinast ved undervisningsstart for emnet. Dei obligatoriske oppgåvene vert vurdert godkjent/ikkje godkjent.

Godkjenninga av dei obligatoriske arbeidskrava er berre gyldig i det semesteret det blir gjennomført og i semesteret etter.

Vurderingsformer

Eksamen er ein 4 timars skriftleg eksamen heimefrå + éin time teknisk tilleggstid.

Eksamen består av fleire delspørsmål som tek opp problem det har vore arbeidd med i undervisninga. Både norsk og italiensk kan nyttast på prøva.

Hjelpemiddel til eksamen

Ved skriftleg eksamen heimefrå er alle hjelpemiddel tillatne, men eksamensarbeidet skal utførast individuelt av den einskilde student. Sidan eksamensoppgåvene vil krinse rundt tema det vert jobba med i undervisninga, vil det i røynda kun vere behov for italiensk-italiensk ordbok.

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Vår. Det er òg vurdering tidleg i hausemesteret for studentar med gyldig godkjenning av det obligatoriske arbeidskravet frå semesteret før.

Litteraturliste

Litteraturlista opplyser om dei tekstar som til ei kvar tid gjeld for emnet. Litteraturlista vil vere klar på Mitt UiB innan 1. juni for haustsemesteret og 1. desember for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der. 

Emneansvarleg

Programstyret for italiensk

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Studierettleiar: studierettleiar.if@uib.no Eksamensadministrasjon: eksamen.if@uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Skriftleg eksamen heime

    Oppgave utleveres
    28.04.2022, 09:00
    Innleveringsfrist
    28.04.2022, 14:00
    Trekkfrist
    14.04.2022
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen