Italiensk språk 2 (nettbasert)

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet utgjer andre del av den systematiske innføringa i italiensk grammatikk.

Dei øvingane som inngår i emnet, har som mål å fremje evna hjå studentane til å sameine kunnskapar i grammatikk og leksikalske kunnskapar i arbeidet med å utforme eigne tekstar på italiensk.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, dugleik og generell kompetanse:

Kunnskap¿Dei studentane som har gjennomført emnet,

  • har kunnskap om hovuddraga i einskilde sider av italiensk grammatikk og muntlig kommunikasjon.

Ferdigheiter Dei studentane som har gjennomført emnet,

  • kan forstå og gjere greie for utvalde grammatiske problemstillingar
  • kan bruke desse kunnskapane i sitt vidare studium av italiensk.

Generell kompetanse Dei studentane som har gjennomført emnet,

  • kan gjennomføre eit prosjekt som strekkjer seg over tid
  • kan arbeide sjølvstendig med ei problemstilling knytt til fagstoff.

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Nettkurs. Dette emnet finst òg som vanleg campusstudium (ITAL124) i Bergen.
Krav til forkunnskapar
Ingen.
Tilrådde forkunnskapar
Søkjer bør ha tatt nettemnet ITAL621 eller ITAL121 i forkant av dette studiet eller ha oppnådd tilsvarande forkunnskapar på anna vis.
Studiepoengsreduksjon
På grunn av fagleg overlapp vert studiepoenguteljinga for ITAL624 redusert med 10 studiepoeng dersom emnet vert kombinert med ITAL124, ITAL114 eller ITAL104.
Krav til studierett
¿Emnet er ope for studentar som har fått opptak gjennom UiB Videre.
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga i emnet har form av seminarverksemd. I forkant av seminara vil studentane få sjå korte videoar som forklarar ulike grammatikalske fenomen.

Omfanget av undervisninga i emnet vil normalt vere to timar med seminar kvar veke i ein periode på til saman 10 veker.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studentane skal levere ei skriftleg utgreiing på italiensk om eit grammatisk problem i løpet av semesteret. Denne oppgåva vert vurdert som godkjend/ikke godkjend.

Godkjenninga av det obligatoriske arbeidskravet er berre gyldig i det semesteret dei er gjennomførde og i semesteret etter.

Vurderingsformer

Vurderingsforma er ein digital munnleg eksamen på omlag 30 minutt.¿Både italiensk og norsk kan nyttast på denne prøva.

I den munnlege prøva, som til vanleg tar utgangspunkt i ein tekst, skal studentane syne at dei har oversikt over dei sentrale problema i italiensk grammatikk og at dei kan greie ut om dei i munnleg form.

Karakterskala
¿Det blir nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Haust. Det er òg vurdering tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav frå semesteret før.
Litteraturliste

Litteraturlista opplyser om dei tekstar som til ei kvar tid gjeld for emnet.

Litteraturlista vil vere klar på Mitt UiB innan 1. juli for haustsemesteret og 1. desember for vårsemesteret.

Emneevaluering
¿Undervisningsopplegget blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Programstyret for italiensk
Administrativt ansvarleg
Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.