Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Japansk historie, samfunn og språk

Main content

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Fulltid/deltid

-

Undervisningssemester

Haust.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Studiet gir ein basiskunnskapar i japansk historie og samfunn, og innsikt i Japans rolle i Øst-Asia. Ein vil òg få kunnskapar om det japanske skriftsystemet, og praktisk evne til å lese og skrive dei to stavingsalfabeta.

Læringsutbyte

Etter fullført emne:

Kunnskap Kandidaten - har breie realiakunnskapar om Japan. Ferdigheiter Kandidaten - har tileigna seg dei to stavingssystema i japansk. Generell kompetanse - har innsikt i viktige sider ved japansk historie og samfunnsforhold.

Krav til forkunnskapar

Ingen formelle krav

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Studiepoengsreduksjon

På grunn av fagleg overlapp blir studiepoenguttellinga for JAP100 redusert med 10 studiepoeng om det blir kombinert ASIA100.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved UiB.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisinga vil bli gitt i form av førelesingar, 2 timar i veka i 12 veker.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Innlevering av ei skriftleg oppgåve på cirka 1500 ord om japansk historie og samfunn. Oppgåva må vere godkjent for at kandidaten skal kunne framstille seg til vurdering. Det er obligatorisk oppmøte til minst 80 prosent av undervisninga. Godkjent obligatorisk undervisningsaktivitet er gyldig i eitt semester ut over undervisingssemesteret.

Vurderingsformer

Våren 2021 er vurderingsforma endra frå skriftleg skoleeksamen til 1,5 timars digital eksamen heimefrå + 30 minutters teknisk tid, som tiltak mot spreiing av koronavirus.

Hjelpemiddel til eksamen

Vurderingsforma våren 2021 legg opp til at studentane skal svare på oppgåvene utan bruk av hjelpemiddel under eksamen.

Karakterskala

Ved sensur av emnet nyttar ein bestått/ ikkje bestått.

Vurderingssemester

Haust. Der er òg vurdering tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

800-1000 sider pensum som omfattar japansk samfunn, historie, religionar, filosofi, språk og kultur. Pensum inneheld òg ei innføringsbok i dei japanske stavingssystema.

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Programstyret for japansk

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skriftlig eksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Digital eksamen heime

    Dato
    09.02.2021, 09:00
    Varigheit
    2 timer
    Trekkfrist
    02.02.2021
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen