Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Japansk språk 1

  • Studiepoeng30
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeJAP110
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk og engelsk
  • Ressursar

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

30

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Målet er å gi grunnkunnskapar i japansk språk, med vekt på grammatikk, vokabular og skriftteikn.

Læringsutbyte

Etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten

- har ei forståing av språksystemet.

- har grunnleggjande kulturell innsikt og kjennskap til daglegliv og skikkar.

Ferdigheiter

Studenten

- kan grunnleggjande grammatikk, vokabular og om lag 200 kanji og er kjend med grammatiske terminologi. Hovudvekta ligg på normalt formelt språk, men uformelle former blir også introduserte.

- kan presentere seg sjølv og fortelje om dagleglivet sitt både munnleg og skriftleg.

Generell kompetanse

Studenten

- har grunnleggjande innsikt i grammatiske strukturar på begynnarnivå.

- har eit språkleg nivå tilsvarande Japanese Language Proficiency Test, nivå 5

Krav til forkunnskapar

Beståtte obligatoriske aktivitetar i JAP100 eller tilsvarande.

Studiepoengsreduksjon

På grunn av fagleg overlapp blir studiepoenguttellinga for JAP110 redusert med 5 studiepoeng om det blir kombinert med JAP010, 10 studiepoeng om det blir kombinert med JAP013 og 15 studiepoeng om det blir kombinert med JAP101 eller JAP102.

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar på bachelorprogrammet i japansk

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga vil bli gitt i form av førelesingar og gruppeundervisning, samt individuell rettleiing i samband med skriftleg arbeid.

Det er om lag 10 timar førelesing/seminar og 2 timar samtalegrupper i veka i 12 veker.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Dette emnet har 12 sett digitale oppgåver og 6 kunnskapsprøver, to i kvar veke. Alle desse oppgåvene og prøvene må vere godkjende i same semester for at kandidaten skal kunne framstille seg til vurdering. Det er 80% obligatorisk oppmøte på kvar enkelt forelesningsrekke. Det er også 80% obligatorisk oppmøte på samtalegruppene. Godkjent obligatorisk undervisningsaktivitet er berre gyldig i undervisningssemesteret.

Vurderingsformer

Mappeevaluering. 7 av dei obligatoriske innleveringsoppgåvene og kunnskapsprøvene skal inngå i mappa: tre kanjitestar, tre grammatikktestar og éin stil.

Dei utvalde arbeida dannar grunnlag for ei samla karaktersetjing.

Karakterskala

Ved sensur av emnet nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Vår

Litteraturliste

Pensum består av ei innføringsbok i japansk. Verket inneheld dialogtekstar, grammatikkutgreiingar, vokabular, øvingar og skriftteikn. Eit oppslagsverk i japansk grammatikk blir også nytta. I tillegg kjem utvalde tekstar som vert utleverte på førelesingane.

Det blir utarbeidd ei liste over tilrådd tilleggslitteratur.

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Programstyret for japansk

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet